fredag 19. april 2013

Jakten på den VIRKELIGE Jesus


Dette er ingen gromtale, for eg kjente ikkje til den nye boka for fjortisar, "Jakten på den VIRKELIGE Jesus" før eg tilfeldigvis havna på et foredrag med forfattaren Per-Bjarne Ravnå på Logen i Bergen. Då fant eg ut at både han og boka fortente ein (god) omtale.

Strengt talt burde det vel vore ein fjortis som anmelde denne boka, men eg prøver meg no likevel: Eg har tidligare skrive ein såkalt Gromtale (fordi eg kjenner forfattarane) av boka Shit happens, og denne boka har fleire likhetspunkter med Ravnå sin Jesus-bok. Ikkje bare fordi den er tiltenkt unge lesarar og handlar om tru og livssyn. Men viktigare er at dei begge er skrivne av forfattarar som er ærlige og opne til sinns og som ikkje prøver å prakka sitt livssyn på lesaren. Eg veit ikkje ka ein eventuelt skulle lagt i begrepet nøytral eller "balansert" i religionsfeltet, så derfor kan eg ikkje bruka dei orda, men eg meiner at boka forklarar på ein fortjenstfull saklig måte kva som er status for Jesus-forskinga, og kor grensene går mellom vitskap og tru.

Sann tru og usann historie

Utgangspunktet for ein historieforskar er å bruka vitskapens metodar. Og i ein vitenskapelig framstilling har overnaturlige hendelsar ingen plass. Det betyr ikkje at det ikkje er mulig å tru på at Jesus vekte opp dei døde, det betyr bare at det ikkje kan brukast i ein historisk framstilling. Vi har ingen erfaring med folk som kan gå på vatnet eller å vekkja opp døde. Derfor er slike hendelsar veldig usannsynlige. Og det å forska i 2000 år gammal historie handlar mykje om sannsynligheter. Ravnå set opp dei mest sannsynlige hendelsane basert på dei tilgjengelige kjeldene. Og ofte stemmer ikkje det han finn overens med det som kristendommen hevdar. Ravnå seier at fleire historier er dikta opp, og må etter moderne historikarar sin oppfatning oppfattast som usanne. Og akkurat her er det at Ravnå er det eg vil kalla i overkant raus. Han skriv nemlig at "sannsynligheten er likevel stor for at evangelistene har diktet dem opp for å vise noe som etter deres mening var helt sant - nemlig at Jesus var Messias". Han kallar dette for religiøse sannheter..

Et eksempel

Ein av historiane som ryk ut under forskarens undersøkjing er den om Jesus sin fødsel. "Juleevangeliet står ikke til å berge" sa Ravnå på møtet. Han seier at det er usannsynlig at Jesus vart fødd i Betlehem. "Fortellingene stemmer hverken med hverandre eller med de historiske kunnskapene vi har om forholdene i Palestina på denne tiden.", skriv han. Lukas fortel at det vart halden ei folketelling. Denne vart halden i året 6 e.Kr. Men Matteus fortel at dette skal ha skjedd mens Kong Herodes regjerte. Problemet er at han døydde i år 4 f.kr. Det er altså umulig at både Lukas og Matteus kan ha rett. Det er dessuten usannsynlig at Josef skal ha reist frå Nasaret til Betlehem, fordi folketelljinga vart arrangert for å fastleggja skattane, og hvis Josef vart registert i Betlehem, så ville byen måtta skatta for høgt. Historien til Matteus er også tvilsom, meiner Ravnå, fordi der står det at Herodes drepte alle nyfødde gutebarn, fordi ingen andre kjelder nevner dette.* Han meiner derfor at fødestaden til Jesus vart lagt til Betlehem fordi det passa betre med spådommane om Messias.

Kjelder

Det som Ravnå skriv om Jesus er interessant. Men for meg er det minst like interessant det han skriv om kjeldene. Dei viktigaste kjeldene er Paulus, dei fire evangelia, det apokryfe Thomasevangeliet, i tillegg til den jødiske skribenten Josefus. Dei fem evangelia er dei mest interessant, meiner Ravnå. Men problemet er at dei er skrivne ganske lenge etter at Jesus levde. Markusevangeliet som er det eldste ein har nokonlunde sikker datering på, blir antatt å vera skrive rundt år 70 e.Kr. Evangelia er derfor ikkje så pålitelige. Men dei er sett saman av tekstar som er eldre. Evangelia har nemlig tatt tekstar dels frå kvaradre og dels frå eldre kjelder, og oppgaven for ein historikar blir då å samanlikna evangelia og prøva å finna ut kor dei ulike tekst-delene stammar frå. Hvis ein så klarer å finna uavhengige kjelder til samme historie, så står den ganske sterkt. Men ofte er det vanskelig. Dei tre evangelia som kallast dei synoptiske evangelia () Markus, Matteus og Lukas er veldig like, og det er fordi mange av historiane hos Matteus og Lukas er henta frå Markus. I slike tilfelle blir dei rekna som ein kjeldetradisjon.

Men Matteus og Lukas har også mykje felles kjeldestoff som ikkje står i Markusevangeliet. Det tyder på, skriv Ravnå, at dei har hentar materialet sitt frå ei skriftlig kjelde som begge har hatt tilgang til. Bibelforskarar har gitt denne hypotetiske kjelda navnet Q, og mange meiner at den må ha vore skrive på 50 talet e.Kr. Enkelte av Jesusorda fins også i Thomasevangeliet, og det kan bety at disse to tekstane er basert på ei felles kjelde som er endå eldre, og i såfall må den ha vore nedskriven ganske rett etter Jesus døydde.

Den sannsylige historien

Ein Jesusforskar må altså ikkje bare søkja etter dei eldste kjeldene, men også etter uavhengige kjelder. I tillegg må ein sjekka korleis det stemmer med det ein elles veit om livet i Gallilea på Jesu tid. Med dette som utgangspunkt, diskuterer Ravnå ein del sentrale tema som angår livet til Jesus og Jesusforskinga. Han skriv om mirakela, Jesus sitt budskap, påsken i Jerusalem og oppstandelsen. Så veldig mykje kan det ikkje seiast om Jesus, til det er kjeldene for sparsomme.

Men Ravnå sin historiske Jesus er omtrent som dette: Etter alt å dømma vart Jesus fødd og vaks opp i Nasaret. Mora var Maria og faren var Josef. Han hadde søsken, Han reiste til Kapernaum og vart tilhengjar av Døyparen Johannes, men var ikkje asketisk som han. Men så vart det muligens uenige og skilde lag. Jesus vart då ein religiøs ledar for sin eiga gruppe. Han var ein slags healer, og folk trudde at han dreiv ut vonde ånder. Kanskje vart han også oppfattta som ein magikar. I tillegg preika han guds rike på jord og at meinte at Gud kunne blanda seg direkte inn i historien. Han fekk mange disiplar. Ei av desse var Maria Magdalena som han kanskje vart kjærest med. Disiplane var kledd som tiggarar og reiste rundt og . Han vart ikkje oppfatta av folk flest som ein messisas, men disiplane gjorde det Sannsynligvis har han vore i tempelet i Jerusalem fleire gonger i påskehøgtida, men den siste gongen gjekk det gale. Då oppsto det rykter om at han var Messias, og den romerske provinsforvaltaren Pontius Pilatus og den jødiske ypperstepresten Kaifas, som hannde ansvaret for tempelet, ville statuera eit eksempel. Sannsynligvis har dei forstått at han var heilt harmlaus. Dei kjente antagelig til han frå før og visste at han ikkje hadde oppfordra folk til å tru at han var noko Israels konge. Men dei ville likevel kvela eit evt. opprør i fødselen, fordi det var ustabile forhold og folket var lette å hissa til opprør. Jesus vart derfor korsfesta og antagelig vart han deretter kasta på ein søppelhaug.

Siste ord er selvfølgelig ikkje sagt i debatten om Jesus sitt liv. Men det som er så fint med denne boka er at den gir deg lyst til å forska vidare på egen hånd. Ravnå proklamerer ingen evige sannheter, men poengterer at du som lesar bør gjera deg opp dine egne meiningar. Han trampar heller ikkje midt inn i trua til folk, men held seg til det han som historikar kan uttala seg om. Slik sett er boka hans eit ypperlig utgangspunkt for dei som lurer, og eit fint supplement både til tradisjonelle Jesusbøker, som stort sett har ei kristen tru som utgangspunkt, og til dei mange nye Jesusbøkene som ofte er forholdsvis spekulative og lite etterrettelige. Sjølv om boka er tiltenkt ungdommar, så går den godt an å lesa for vaksne.
Herved anbefalt!

Fakta

Per-Bjarne Ravnå vant forlaget Mangschous fagbokkonkurranse. Han er historikar med doktorgrad innan antikkens historie. Han arbeider som oppdragshistorikar og underviser ved universitet og høyskular. I 2006 ga han ut boka Gresk og romersk politisk historie til bruk ved historiestudiet.ISBN 978-82-91948-51-5

* Jøden Flavius nevner det ikkje og han var ganske kritisk til Herodes, så han ville nok ha tatt det med om det var kjent.