torsdag 27. januar 2011

Den hebraiske gudinna

Eg må innrømma at eg har tenkt på, og skrive om judaismen som ein patriarkalsk og monoteistisk religion der manneguden Jahve er heilt einerådande. Men etter å ha lest boka til Raphael Patai, The Hebrew Goddess, så bør eg nok moderera denne framstillinga. Han fortel nemlig at kvinneguden har fulgt jødane opp gjennom historien, og at ein fremdeles i dag kan sjå spor etter henne bak kulissane. Boka til Patai er ein grundig og skolert gjennomgang av dette temaet. Eg har ikkje tenkt å skriva nokon kritikk av boka, men tar opp ein del trådar som er relevant for min diskusjon om kor det vart av modergudinna:
Judaismen har aldri hatt ein så enhetlig struktur som den romersk-katolske religionen. Det har eksistert fleire variantar side om side, og derfor må kvinneguden betraktast som ein del av religionen. Og til tross for at aksiomet om Ein Gud, så skal vi sjå at der er, eller har vore mange inne i bildet. Mange av dei kanaaittiske gudane var i starten ein del av den hebraiske religionen. Det er to navn på den bibelske guden som blir oversatt med Gud, nemlig Jahve og Elohim (eller El), og spørsmålet er om dei er den same. Uansett har Jahve, som andre gudar, sine forgjengarar. For levande gudebegrep krysser lett grenser og skifter lett ham, mens grunn-identiteten forblir intakt. Den romerske Jupiter går for eksempel tilbake til den greske Zeus Patar, som i sin tur kjem frå Sanskrit Diaus Pitar. På same måte har sannsynligvis gudinnene Asherah, Astarte og Anath blitt tatt opp i den hebraiske panteon, og til tross for kampen mot "avgudsdyrking" så har ho, eller dei, overlevt i judaismen under andre navn: Shekina, Matronit og Sabbath.

Asherah

Heilt frå jødane kom til Kanaan og fram til Nebukadnesars la Jerusalem øyde, så tilba hebrearane Asherah og mange andre kanaittiske guddommar. Men Asherah var sjølve sjefsgudinna og kona til sjefsguden El. Ho var opphavet til dei andre gudane, sytti talet, inkludert Baal og Anath. Ho var ei modergudinne som saman med Anath var amme for dei andre gudane, og har gått under mange navn, som Atharath, Elath (som betyr gudinne) og Ashratum. Sistnevnt var bruda til Anu som var nært beslekta med den kanaittiske guden El. Arkeologiske funn viser at Asherah også var tilbedd som kona til Jahve. Ein inskripsjon som er funnen nokre mil vest for Hebron fortel feks:
Uriah, den rike let dette bli skrive: Velsigna være Uriah av Jahve og av hans Asherah.
Mange bibelske referansar tyder på at Asherah vart tilbedd som ein trefigur eller ein slags påle som ofte sto ved sida av Baals-altera. Og somme meiner at ordet Asherah rett og slett betyr "påle". Andre funderer på om det var eit levande tre, eller kanskje ei heilag lund. Uansett er forlengst disse pålane eller trea borte, men det fins ei mengde leirfigurar som mange meiner er variantar av det same, og som det er funne så mange av at Asherah må ha vore veldig populær. Ein av årsakene, meiner Patai, er at ho var ei fruktbarhetsgudinne og at ho kunne hjelpa ved barnefødslar.
Også Salomon skal ha tilbedd Asherah. Men etter kvart vart det slutt på Baalsdyrkinga sjølv om det fremdeles lenge sto statuer av Asherah rundt omkring, noko som må bety at ho vart tilbedd. Patai skriv at det var befolkninga i Betel som var av dei som lengst heldt på denne skikken, før den til slutt forsvant under Joshiah (?) den siste store Jahve-reformatoren. (Men dette er interessant i lys av det vi snakka om i forrige bloggpost modergudinna og dei svarte steinane)

Astarte-Anath

Langs heile austkysten av middelhavet vart Anath rekna som dotter av Asherah. Ho gjekk også under navnet Astarte, sjølv om det kan vera at dei opprinnelig var to gudinner som sidan smelta saman. Semittisk poesi brukte uttrykte ofte same tanke i to parallelle setningar, ved å bruka synonymer. Sidan Elath var et synonym for Asherah kunne dei feks. skriva:
Han roper til Asherah og hennar barn
Til Elath og hennar slektningar

Astarte har så mykje til felles med den sumeriske Inanna og den akkadiske Ishtar at ho blir rekna som nær slektning til, om ikkje som identisk med, disse store mesopotamiske guddinnene. Den opprinnelige meininga av navnet Astarte var "livmor", som seg høver for ei fruktbarhetsgudinne. Men ho av og til også krigsgudinna. Akkurat som Baal hadde eit sol-aspekt, så hadde ho eit måne-aspekt, og vart framstilt med horn. Så tidlig som på Moses si tid var det ein by på austsida av Jordan som var oppkalla etter henne. Den heitte Ashtoreth-Karnaim, eller "Astarte med dei to horna."

Kjerubane

Bibelens første bud seier at du ikkje skal ha andre gudar enn Jahve, og at du ikkje skal laga eller tilbe gudebilder av noko slag (men somme reknar bildeforbudet som det andre bud) Unntaket som bekrefta denne regelen var kjerubane, disse bevinga vesena som var ein viktig del av hebraiske og jødiske tempel. I den siste versjonen av tempelet sto det eit par kjerubar inne i det aller heilagste. Det var ein mannlig og ein kvinnelig kjerub i ein erotisk omfavnelse. Patai meiner at dette er ein arv frå paktarken, som skal ha innehalde to bilder eller heilage steinar som representerte Jahve og hans kvinnelige kompanjong. Seinare, etter at han hadde vorte den einaste og guden som det ikkje lenger var lov å avbilda, så vart ho redusert til ein av dei to kjerubane. Seinare kom ideen om at guden hadde eit mannlig og eit kvinnelig aspekt. Dei vart også ein periode betrakta som eit symbol på Jahve og Israel.

Shekina

Navnet er ikkje nevnt i bibelen, men Talmud () kallar ofte Guds synlige og høyrbare tilstedeværelse på jorda for Shekina. Ho er, om ikkje som karakter så i funksjon, ein direkte arving etter Asherah og Anath. Opprinnelig som eit uttrykk for guds kjærleik utvikla ho seg til ei gudinne på egen hånd som vart nært knytta til Israels sjebne. Ho delte folkets lidelsar og deira håp, og ho var med dei i eksil. Og dette blir eit uttrykk for den spenning som oppstår i gudsbegrepet når tidene er harde: Når den eine og allmektige blir ein hard og straffande gud, så deler han seg i to - han som straffar og ho som trøystar. Han blir ein fjern og abstrakt gud, ho verkeleg og nær.

Matronit

Matronit kjem av det latinske ordet matrone som betyr gift kvinne, og om ho kanskje var eit teoretisk begrep for den kabbalistiske eliten, så var ho likefullt ei verkeleg gudinne for dei store massane. Det er ein nær samanheng mellom henne og gudinner frå den nære aust som Inanna frå Sumer, Ishtar frå Akkad og Anath frå Kanaan. Patai samanliknar ho også med den persiske Anahita, med Kybele frå Lydia og Artemis og Diana. I Zohar () får Matronit også eit meir fryktinngytande aspekt, som eit monster som blir mor til ho-demonane Lilith og Naamath. Og her finn Patai ein samanheng mellom Kabbala og hinduismen , mellom Matronit og mørke gudinner som Kali.
Matronit er på same tid både ei krigs- og kjærlighetsgudinne, på same tid moderlig og jomfruelig. Ho er elskerinna til både gud og mennesker og heile Israels mor, men beheld samtidig sin møydom. Slik liknar ho også på Maria som jo blir kalla jomfru til tross for at ho bar fram både Jesus og hans søsken. Men parallellen går lenger, for Maria har også vore sett på som ei krigsgudinne, og ho har også blitt kalla guds viv: Den bysantinske generalen Narses, vende seg for eksempel til Maria for råd på lagmarka, og Keisar Heraklius ?? hadde Maria på banneret sitt. Maria har også vorte kalla guds spouse, menneskehetens store mor. Ho har blitt tilbedd som ei gudinne, og av somme faktiske betrakta som den høgaste gud.

Oppsummering

Gudinna dukkar opp i mange variantar i Patais bok*. Men dette skulle vera nok til å visa at det hebraiske gudinna aldri har vore borte frå historien og folks bevissthet. Det er først i den siste tida at det kvinnelige elementet er blitt borte. Men det dukkar nok opp igjen meiner Patai. Og det er også min hovedtese generelt: at gudinna, eller om ein vil, guds kvinnelige aspekt nødvendigvis vil tre fram igjen på ein eller annan måte. Og som Patai seier, er det to grunnar til det:

1) Ho fyller eit psykologisk behov. Som vi var inne på over, er den heilage Moder nærare når ein treng trøst og hjelp, enn ein fjern Fader. Ho blir fruktbarhetsgudinne, og hjelper til med barnefødslar. Ho blir morder Jord.
2) Ho står i ein historisk tradisjon. Religionshistorien er historien om korleis dei kulturelle straumane virvlar om kvarandre og påverkar kvarandre. Somme tider er dei synlige og andre gonger ikkje. Dukkar ein straum under ein stad er det bare for å poppa opp ein annan stad.

I dette mangfaldet av kvinnegudar er det ein enhet, og der er mange trådar som knyter seg i hop. Og eg forsøkjer å følja somme av dei. Kanskje meir eller mindre tilfeldig er dette blitt mine tema som eg vil forfølgja vidare: demoniseringa og marginaliseringa av det kvinnegudane, måneaspektet, modergudinna og Maria-dyrkinga og den svarte Madonna.
Her er mange spor å gå etter, for eksempel Asherah-pålane og dei heilage steinane. Er dette kanskje opphavet til det kristne korset? Er Asherah i slekt med Kybele? Asherah vart tilbedd i heilage lundar. Al Uzza hadde ei heilag lund av Akasietre utanfor Mekka, og i Nemi hadde Diana ein heilag lund. Faktisk var det veldig mange slike Nemi-gudinner i det keltiske europa. Men er det nokon samanheng mellom dei? Og har Astarte sine horn noko med den islamske månesigden å gjera? Kven veit, det må i alle fall undersøkjast!


* For eksempel er både Sabbath, og Sofia (visdommen) blitt personifisert som gudinner. Dessuten blir Shekina av og til likna med den heilage ande.

Ingen kommentarer: