mandag 11. februar 2008

Om denne bloggen

Magic Mirror Litografi av M. C. Escher
 Dianas Speil er tre ting: Først er det Nemisjøen (Lago di Nemi) nær Aricia eit lite stykke utanfor Roma. Romarane kalte sjøen for Lacus Diana, Lacus Trivia eller Speculum Diana: Dianas Speil. Den ligg nede i ein utbrent vulkan, og ved sjøens bredd var det i gamle dagar ein skog med ein heilag lund og ein heilagdom for Diana Nemorensis. Denne heilagdomen og dei omkringliggjande Albanerfjella, er ein av dei viktigaste religiøse og historiske stadene for dei gamle romarane og latinarane.
Les meir: Ein reiseberetning frå Nemi.

For det andre er det alle gudinnene som liknar på Diana, og som vi kan kalla hennar speil(bilder). Diana i Nemi vert kalla Diana Nemorensis, og er i slekt med Artemis, Kybele og andre gudinner som Hekate, Nemetona, Trivia, Isis, den svarte Madonna og Luna. Alle disse er avspeilingar av Diana.

For det tredje er Dianas speil ein metode: For å sjå alle Dianas ulike aspekter treng vi eit verktøy. Dianas speil er eit magisk verktøy som vi kan sjå alle hennar speilbilder gjennom. Men speilets magi kan vi bruka på andre også. Hvis Jesus ser inn i det, så ser han kanskje Dionysos, eller Tammuz, eller kven veit?
Så dette er det vi kjem til å gjera: sjå inn i Dianas speil frå ulike vinklar og sjå kva som dukkar opp!

Og forresten så fins det ei bok av AR Homer (!) som heiter "The Mirror of Diana", og som du kan lesa online.