tirsdag 28. august 2012

Kristninga av Romerriket


I dei første hundre åra etter Kristus opplevde kristendommen ein formidabel vekst, og spredde seg over heile romerriket. Kva var årsaken til denne veksten? Det kristne svaret er dels det religiøse budskapet og dels at kristendommen bygde eit nytt samfunn. Men boka Christianizing the Roman Empire A.D 100-400 tyder på at det var heilt andre faktorar som var avgjerande. Dette er ei svært lesverdig bok skriven av professor Emeritus i historie ved Yale University, Ramsay MacMullen. Hans konklusjon er at det var økonomiske og andre verslige årsaker til kristendommens suksess, for eksempel vold.

Førkristen religion.

MacMullan bruker ordet pagan, som eg overset med hedning i betydningen "ikkje-kristen". Med det meinest både ateistar og dei som praktiserer andre religionar og mysteriekultar. Den romersk-hellenske gudeverda var hedensk. Den besto av ein salig blanding av dei greske og romerske gudane, og andre gudar som var importert austfrå, samt den jødiske Jahve. Likevel var det var fred i denne himmelen. Ein setning som ofte går igjen i beskrivelsane er at dei hedenske gudane var ikkje misunnelige på kvarandre, dvs det var religiøs toleranse. Ingen religion gjorde krav på monopol, og ingen gud påsto at han var den einaste. Det var heller ingen forpliktelsar og ingen bindingstid oppover. Folk shoppa rundt og deltok snart i den eine mysteriekulten, snart den andre. Dei ofra til den eller dei gudane dei trudde kunne hjelpa dei. Hedensk religion var altså det vi kan kalla bruksreligion. MacMullan seier at det heile framstår som ganske "svampete, formlaust og lett gjennomtrengbart". Men kva skjedde då den nye kristne guden dukka opp?

Forholdet mellom kristne og hedningar

I seg sjølv møtte nok ikkje tanken om ein ny gud og ein ny kult særlig motstand. Det meste av innhaldet i den nye religionen var då også ganske familiært slik som forestillingen om ein gud i menneskelig skikkelse. I denne perioden var det mange "gudemenn" som vart dyrka. (sjå postane "Dionysos på korset", "Jesus som Mithras-kopi" og "Jesusmysteriene" for meir om dette) Ideen om eit liv etter døden var kjent frå Hellas, og heller ikkje monoteismen var ny. Rettnok ville mange hevda at gjenoppstandelse i kjøtt og blod var ein motbydelig tanke, men i sum var det ikkje mykje som skilde kristendommen frå andre trusretningar. MacMullen seier at "For ikkje-kristne var det hverken kyrkja sin liturgi, moral, monoteisme eller indre organisering som framsto som særlig ulikt andre menneskers [praksis] eller kritikkverdig". Men det store skiljet var tanken om at den store guden var i krig med alle andre gudar. Og dette var ei kjelde til konflikt mellom dei kristne og dei andre. For hedningane sin del ville ikkje dette vore eit problem. Dei fleste virka heller uinteresserte i kva andre trudde. Det ser ut til at dei var mest interesserte i praksis og ville også ha vore uvitande om korleis dei kristne tenkte om guden sin. Men når enkelte kristne offentlig fornekta dei andre gudanes eksistens og sa at dei ikkje skulle dyrkast, måtte dette skapa trøbbel. Sllikt snakk vekte motstand og vart sett på som ugudelig og ateistisk. Etterkvart trekte derfor dei kristne seg tilbake og unngjekk oppmerksomhet. Dei held seg for seg sjølv og deltok lite i det offisielle livet, og det var gjensidig mistenksomhet mellom dei to gruppene.

Korleis vart hedningane omvendte?

Det å gå over til motparten var altså ikkje ein lettvint beslutning. Men likevel gjorde mange det. Korfor? Ingen ting tyder på at det ein kunne få ein rikare følelsesmessig eller åndelige opplevelse i den kristne kyrkja enn i det hedenske tempelet "Hvis noko, så ser det ut til at tilgjengelig tekstmateriale tyder på det motsette" seier MacMullen. Kristne forfattarar viser for det meste til to grunnar for omvendelse, enten den lærde som blir omvendt av et logisk resonnement og den ulærde som blir overvelda av Guds storhet i form av underverk. Men dei lærde var ingen stor gruppe, og mange av dei hadde stor motvilje mot kristendommen i starten. Altså står vi gjen med underverk og massekonvertering som den mest sannsynlige måten å vinna folk over til kristendommen i den første perioden.

Evangelia framstiller Jesus som ein mirakelmann, og dei kristne forkynnarane fekk i stand liknande under. Sjuke vart lega og dei dreiv demonar ut av folk. For mennesker i det romerske imperiet ville ikkje det vera problematisk. For dei var mirakel ikkje noko å diskutera, og slike historier om mirakel var til glede og håp. Problemet er at det var like mange ikkje-kristne mirakelmenn som vart like mykje trudd på som dei kristne. Korleis kan det då ha seg at kristendommen auka så sterkt? MacMullen kjem med eit logisk resonnement som virkar overbevisande: Tenk deg hundre hedningar som står overfor like overtydande mirakelmenn, den eine kristen og den andre ikkje. Kvar av disse vil då kanskje vinna femti nye truande til seg. Men i netto blir det då femti færre hedningar fordi mens den eine gruppa bare ville ha fått ein ny gud i sin gudeverd, så ville dei nye kristne ha avsverga dei gamle gudane.

Dette er ein faktor som tippar balansen i kristendomens favør. Det kan virka som at det er enkelt for ein monoteistisk og monopolistisk religion å vinna innpass i eit samfunn som er polyteistisk og tolarant. For egen rekning legg eg til at truslar om evig pine i helvete for dei som fell frå betyr ein kristendommen sikkert var mykje vanskeligare å komma seg ut av enn hedendommen. Dessuten hadde kristendommen også ein tradisjon med seg frå jødedommen som var unik, nemlig at dei truande forplikta seg til å forkynna den nye trua og vinna nye truande.

Etter 312


Men sjølv om det var et betydelig antal som konverterte til kristendommen var det først når Konstantin konverterte til kristendommen at det vart fart i sakene! I rollen som religionens beskyttar skulle han og hans etterkommarar komma til å få enorme konsekvensar, både direkte og indirekte. I Roma og mange andre byar bygde han eit stort antal kyrkjer, han fritok kyrkjeland frå beskatning, og sette i verk et system for å gi gaver til kyrkjene. Som kristen kunne du, hvis du ellers hadde dei rette kontaktane, stille deg i kø for å motta konfiskert eigedom. Du vart også foretrekt til stillingar i det militære og i det offisielle. Disse og andre økonomiske privilegier gjorde at det vart lønnsomt å vera kristent, og antalet kristne frå eliten auka. Dette i sin tur gjorde også at den kristne kyrkja auka sin prestisje slik at det var lettare å få andre til å konvertera. Det er jo eit åpent spørsmål kor kristne disse nye "medlemmene" egentlig var. Men som Augustin sa "om dei er falske er ikkje for oss men for Gud å dømma." Dessuten var folk flest ikkje så opptatt av teologien men av praksisen. Slik sett kan det rettferdiggjera ei romslig teljing av konvertittane.

Tvangskristning

Mirakel og pengar gjorde altså sitt til kristninga av romarriket. Men dette var ikkje alt. Den kristne religionen hadde ikkje nådd slike høgder uten ein annan faktor for å overbevisa folk om dens storhet: vold. Dette er det MacMullen beskriv som "essensielt" for å nå "the final solution". Og Konstantin var den som starta dette. MacMullen seier at "imperiet hadde aldri før hatt ein mann så hengitt til blodtørstig vold som Konstantin på trona." Han ville helst utsletta hedningane fullstendig, men sidan han ikkje hadde dei nødvendige middel, så måtte han nøya seg med å rana tempela deira.

Frå Konstantin og seinare keisarar kom det no ei rekkje nye lover som innskrenka hedningane sin religionsutøvelse. (sjå liste over tiltak) Men loven betydde egentlig mindre. Det var ingen politi eller politiske organ som kunne sjå til at loven vart fulgt, men det var meir ein offentliggjering av hedningane sin status som fritt vilt. MacMullen liknar det med ein slags jaktllisens på ikkje-kristne. Volden kom derfor både ovanfrå og nedanfrå. Men effekten var likevel den samme. MacMullen meiner at Gaza er eit godt eksempel på kva som skjedde. Der vart alle tempela rivne ned og byen vart renska for all slags tru bortsett frå den kristne. Dei mest hardhuda motstandarane vart bundne og sendt bort til provinshovudstaden der dei var torturert og drepte i stort antal.

Slik straffa det nye kristne romerriket hardt alle som ikkje fulgte den offisielle trusretninga. Dette galdt altså ikkje bare hedensk tru, men også kjetterske variantar innan kristendommen sjølv som feks. arianismen.Og både biskopar og keisarar deltok villig. Augustin sa til sin menighet at "at all hedensk overtru skulle utryddast er det Gud vil, Gud kommanderer, Gud proklamerer!" Disse orda skal ha vakt "vill applaus"! I 407 kom det så eit dekret frå Roma som sa at "Hvis det fremdeles står bilder i deira tempel og heilagdomar, så skal dei rivast laus frå fundamentet ...dei bygningane som står i byar skal givast over til offenlig bruk. Alter skal ødeleggjast alle stader" No var det altså ikkje lenger nok å forby hedensk praksis. No skulle alt utryddast. I år 407 kan vi derfor sei at hedenskapen til slutt vart totalforbudt og at ein statsreligion hadde oppstått.