torsdag 27. januar 2011

Mariamyten

Vi såg i forrige bloggpost at modergudinna ikkje let seg fjerna så lett frå den hebraiske religionen. Ho dukka opp igjen i ulike skikkelsar opp gjennom historien, som for eksempel Asherah, Astarte og Anath. Og no skal vi sjå at det ikkje er så lett å bli kvitt ho i kristendommen heller. I den hedenske religionen var det mange gudinner som likna dei hebraiske, men då kristendommen kom, vart jo alle dei hedenske gudane fortrengt, også dei kvinnelige. Men modergudinna kom tilbake, denne gong som Jomfru Maria.
Dette er altså nok ein bit av historien om modergudinnens tilbakekomst, som eg har skrive om mange gonger før. For meir om dette, sjå tidligare postar.

Om det er lite kjelder for Jesus, så er det endå mindre for mor hans. Ho opptrer i Bibelen fleire stader, men helst i ein passiv rolle. Vi får ikkje vita mykje om ho, og bare tre gonger snakkar ho sjølv. For det meste er ho et vitne til det som skjer, mens det er andre som driv handlingen. Men Maria, Jesu mor, har gjort litt av ei karriere på disse 2000 åra som har gått sidan vi først høyrte om ho. Ho har gått frå å vera ein bifigur til å bli Hellig, Jomfruelig, Gudemor, Himmelsk Dronning, Visdommens Trone og Paktens Ark - for bare å nevna nokon av dei mange titlane som blir brukt om ho. Men det ser ikkje ut til at det er grunnlag for ein slik status i historien. Om ho ikkje alltid har vore det, så blir etter kvart Maria ein litterær figur som tar opp si seg hedenske idear, og som sidan blir bygd opp som den kristne versjonen av modergudinna.

Hedensk modell

Som Jesus er det mange av dei hedenske gudemennene (sjå Dionysos på korset) som er fødd av ei jomfru. I Lilleasia er Attis si mor jomfrua Kybele. I Syria har Adonis jomfrumora Myrrh. I Alexandria var Aion fødd av jomfrua Kore, og i Hellas var Dionysos fødd av jomfru Semele. Den gudinna som kanskje oftast er samanlikna med Maria er Isis som er mor til Osiris, og dei to er ofte er avbilda som Madonna og barnet. Ein av dei mange titlane til Maria er Stella Maris, som også var Isis sin tittel. Men den kanskje viktigaste modellen var, som vi skal sjå, Artemis frå Efesus.

Men det er også mange kjente menneskemenn som skal ha vore son av ei jomfru. Pytagoras skal ha vore son av Apollo og ei dødelig kvinne kalla Parthenis. Dette navnet skal komma frå ordet Parthenos som betyr jomfru. I år 40 fKr skreiv poeten Virgil ein 'profeti' om at ei jomfru skulle føda eit himmelsk barn, og i det fjerde århundre eKr. skulle bokstavtru kristne hevda at dette forutsa Jesus sin fødsel. Men på Virgil si tid vart myten tilskriven Augustus som også skulle ha vore son av Apollo. I følge biografen til Augustus så skulle senatet ha utstedt forbud mot å føda barn i det året han var fødd, og Mora til Augustus, Atia skal ha drøymt om Apollo skulle besøkt henne, og Augustus vart fødd ni månader seinare. Minnar dette om noko?
Grunnen til all denne jomfrueligheten kan godt vera astrologisk. Rundt år 145 fKr starta fiskanes tidsalder, og fisken er jo som kjent også eit kristent symbol. Apostlane kalla seg menneskefiskarar, dei første kristne kalla seg småfisk, og det greske ordet ICHTYS som betyr fisk, var også eit kodeord for Jesus (Iesus Christos Theou Yios Soter) Interessant er det også å leggja merke til at dette ordet skal ha vore brukt på gudemannen Adonis alt fleire hundre år i forveien, men det er ikkje saken akkurat her. Poenget er at då fiskanes tidsalder begynte, så var det motsatte tegnet i zodiaken, Virgo, jomfrua. Hedensk mytologi forventa derfor at frelsaren i den nye tid skulle bli født av ei jomfru.

Det er også andre trekk ved Mariafiguren som peikar i mytologisk retning. For eksempel dei tre Maria'ene som i følge ein tradisjon ser den oppstandne Jesus: søstera Maria, mora Maria og Maria Magdalena. Etter Johannesevangeliet er det også disse som står ved foten av korset. Dette minnar oss om trippelgudinna som vi har truffe på i mange variantar, som Diana Triformis, også kalla Trivia (Diana, Hekate og Luna). Allahs tre døtre Al'Uzza, Al'Menat og Q're er også ein form for trippelgudinne. Dei fins også som Morrigan i keltisk mytologi, som dei tre gratiene i romersk, og som Nornene i den norrøne mytologien. Mellom dei vanligaste antikke skulpturane er Pans hole, der tre kvinner blir ført inn i den tomme hola av Hermes, slik dei tre Mariaene vart ført inn i den tomme hola som var Jesus si grav.

Når Maria har så mange likhetstrekk med andre gudinner, er dette bare nok eit eksempel på korleis hedenske mytar og kultusar vart kapra av kristendommen. (sjå elles posten Kristninga av Romerriket.) Den overtok heilage stader og gjorde dei om til kyrkjer, den tok hedenske festdagar og gjorde kristne. Og ikkje minst vart mange hedenske gudar enten demonisert eller helgengjort. Eller dei kunne ta ei heilt vanlig kvinne og utbrodera livet hennar med fantastiske historier som vart henta frå levande gudinnekultar, slik tilfellet var med Maria.

Maria blir jomfru -

I følge den kontroversielle* jødiske skribenten Hayyim ben Yehosuhua skal dei tidlige kristne ha kjent til at Jesus vart kalla 'ben Pandeira' dvs. son av ein Pandeira. Han seier at dette er hebraiske former av det greske navnet Panderos. Den hedenske filosofen Celcus hevda i år 178 at han hadde høyrt at Maria hadde blitt skilt frå mannen etter utruskap. Ho skal ha vandra om i skam og fødde Jesus i hemmelighet, seier Celscus. Og den verkelege faren til Jesus var den romerske soldaten Pantheras fortel han. Der er også ein historie om ei kvinne som heitte Miriam bat Bilgah som gifta seg med ein romersk soldat. Og sjølv om Miriam er den opprinnelige formen for Maria, kan det jo godt vera at det er to forskjellige kvinner som er blitt forveksla med kvarandre.

Om det var slik eller ikkje, så meiner ben Yehosuhua i alle fall at disse rykta ha bidratt til at kristne fekk behov for å reinvaska Maria. Og ho vart så rein som tenkjast kunne, ho vart jomfru! Ben Yehosuhua trur at historien rett og slett vart funnen opp, etter inspirasjon av dei hedenske gudinnene og gudemødrene som vi har snakka om. Men tanken om Marias utruskap forsvant aldri heilt i den kristne mytologien. I staden vart Mariakarakteren delt i to: Maria Magdalena med det dårlige ryktet, og Jomfru Maria.

Ein av dei som bidrog til Maria sin opphøyelse til jomfru var Justin Martyr. Han var ein grekar frå Palestina som måtte flykta til Efesus på grunn av krig. Han hadde godt kjennskap til dei andre jomfruene, for han hadde vore innom dei fleste gresk-romerske mysteriereligionane før han tilslutt vende seg mot kristendommen. Men spesielt måtte han ha god kjennskap til jomfru Artemis / Diana, for i Efesus på denne tida var ein sterk kult for henne. Justin baserte sin teori om Maria sin jomfrudom på Jesaias 7.14 der det står: "Se, en jomfru blir fruktsommelig og føder en sønn, og hun gir han navnet Immanuel". Sjølv om denne teksten opprinnelig ikkje hadde noko med Jesus å gjera, så brukte forfattaren av Matteus-evangeliet det som bakgrunn for sin spådom (Matt. 1.23) om at Jesus skulle bli fødd av ei jomfru. Og dette brukte Justin som bevis og fekk Maria erklært for jomfru. Men det store problemet med Jesaias er oversettelsen. Det hebraiske ordet almah har vorte oversett med det greske 'parthenos', som altså betyr jomfru, medan almah egentlig betyr 'ung kvinne'.
I midten av det andre århundre kom det apokryfe James (jakobs?) -evangeliet, som er så tydelig fiksjon at det har vorte avvist av den katolske kyrkja sidan renessansen. Likevel er det dette som gav bakgrunnen for mykje av dagen Mariatilbedelse**. Det gav oss navna på Maria sine foreldre, Joachim og Anna, og besteforeldre og anna bakgrunnsmateriale. Med sin nye historie kunne Maria fortsetja sin himmelske oppstiging. Det begynte også å bli laga kunstneriske representasjonar av ho som likna på prototypen Artemis. Eit århundre etter James kom et nytt evangelium der vi får ytterligare detaljar om Maria. Blant anna får vi høyra om dei sju ekteskapa til bestemora!

- og forblir evig jomfru i all evighet!

Det fjerde århundret var ei veksttid for Mariakulten, mykje takka vere Helena, mor til Konstantin, som fant 'bevis' for mange hendelsar i skriftene. Ho oppdaga huset der den siste nattverd hadde funne stad, den tomme grava, korset til Jesus og til og med det treet som korset hadde vorte skore av. Og då er det ikkje rart at ho også fant den hola der Maria hadde fått beskjed av Gabriel at ho skulle blir mor ..??

I Efesus står det eit beskjedent lite hus som blir kalla jomfru Marias hus. Ein lang tradisjon seier at dette var jomfru Marias siste heim, og at ho altså døydde her. Det er to argument som støttar denne teorien. For det første at Jesus, før han døydde på korset, skal ha gitt Johannes ansvaret for mor si, og Johannes skal ha døydd i Efesus. For det andre at den første Mariakyrkja i verda står i Efesus. Mariakyrkja blir også kalla konsiliets kyrkje fordi to av kyrkjemøtene skal ha blitt halde her. Muligens vart kyrkja bygd spesielt for kyrkjemøtet i 431. Dette var det møtet der Maria vart tilkjend tittelen gudemor.

Men det var meir i vente. I år 553, på kyrkjemøtet i Konstantinopel vart Maria "evig jomfru". Evangelia seier at Jesus hadde fire brødre og nokon ikkje-navngitte søstre. Likevel bestemte møtet at Maria ikkje bare var jomfru då Jesus vart unnfanga, men også etterpå! For å få dette til å stemma blir det derfor hevda at det som skrifta kallar søsken, egentlig er Jesus sin søskenbarn, eller kanskje bare vennene. Men ut frå teksten er det sannsynlig at det var hans søsken. Så utvikla ideen seg om at Maria hadde blitt tatt opp i himmelen, ei lære som seinare vart definert som dogme av pave Pius XII i 1950.

I år 787 møttest biskopane igjen. Denne gong sa dei ikkje mindre enn følgande:
"Herren, apostlane og profetane har lært oss at vi må tilbe (venerate) på første plass den heilage Guds Mor, som er over alle alle dei himmelske kreftene..."
Dei første kyrkjefedrene hadde ikkje vore i tvil om at Maria var ein syndar. Men sidan ho var mor til Jesus så vart dette litt vanskelig. Kanskje påverka av Islam, vart ho etter kvart rekna for å vera syndfri. Men dette er vanskelig farvatn. For kyrkja har jo alltid vore besatt av sex. Ein gong oppsto ideen om at Adam gjennom sitt samvær med Eva hadde synda, og gjennom seksualakten har kvart menneske arva denne synda. Denne tvers gjennom perverse tanken er det som gjer at vi fremeles døyper våre barn som små, fordi nokon trur at dei gjennom sin syndige opprinnelse er fødde som syndarar! Ei kyrkje som heldt på denne tanken måtte jo få problem med Jesus sitt opphav. Derfor kom tanken om at Jesus vart unnfanga på reint og mirakuløst vis med den heilage ande. Men kva med Maria sjølv? Korleis kunne ho vera syndfri hvis ho var unnfanga i synd? Dette problemet førte til at enkelte også tilkjente Anna jomfrudom. Jesus hadde hadde altså både jomfrumor og jomfrubestemor! Korleis dei kunne stoppa der er jo egentlig rart. Men som sagt dette er vanskelig, og det var ikkje før i 1854 at verda vart forsikra om at Maria var unnfanga på normal måte, men likevel syndfri.

Kva er det med Efesus?

Historien viser kor seigliva vår modergudinne er. For i Efesus har ho vore dyrka i mange hundre år, kanskje mange tusen år før kristendommen kom. Kultstaden skal ha vore i bruk heilt sidan bronsealderen. Ikkje langt unna finn vi Çatalhöyük der det har vore funne mange eldgamle gudinnefigurar. Det første Artemis-tempelet i Efesus inneheldt kanskje ein heilag stein, muligens ein meteoritt. Artemistempelet var på sitt beste eit svært flott tempel - eit av verdens sju underverk. Men det vart rive og bygd opp igjen mange gonger. I år 550 fKr, vart det for eksempel øydelagt av Kong Krøsus, men han fekk visst dårlig samvittighet og bygde det opp igjen. Seinare vart det brent av Herostratos, noko som gjorde han herostratisk berømt

Til slutt vart tempelet rive av gotarane i år 262 og det som var gjen vart jevna med jorda av kristne i år 401. Og då trudde kanskje mange at dei var kvitt Artemis / Kybele. Men tradisjonen har nok vore solid rotfesta i Efesus og områda rundt. Det var jo her Amazonene skal ha budd. Modergudinna let seg ikkje knekka. Og "if you can't beat them, join them!" Dermed vart ho akseptert på den betingelse at ho skifta navn til Maria. Byggjinga av Mariakyrkja og kyrkjemøtene i Efesus stadfesta hennar status, og dermed var det duka for ein stor karriere.

Oppsummering

Uten særlig grunnlag i skriftene har Maria blitt heva opp til himmelsk dronning-status. Og det er bra! For det viser kristendommens fleksibilitet at den har tatt Magna Mater og innlemma ho i sin heilage familie. Derved er ein viktig tradisjon blitt tatt vare på. Litt synd er det likevel at dei ikkje kan innrømma at det er dette som har skjedd. Av makt-strategiske og propagandamessige grunnar var det viktig for den tidlige kristendommen å framstilla seg som ny og eneståande. Men no når vi veit at denne religionen er eit amalgam av førkristne hedenske mysterie-religionar så ville den ha stått seg på å vera open om sin egen fortid.

Så lenge det bokstav-tru presteskapet insisterer på ein historisk tolking av skriftene, så vil ikkje dette skje. Men vi er på vei ut av middelalderen, og alle som er opne for ei mytisk / mystisk tilnærming til religionen kan jo arbeida vidare med å konstruera kristendommen som synkretistisk religion. I det arbeidet kan ein jo også godt utvida den heilage familien. Den kanaaittiske hadde sin kvartett. Det var El, jordens skapar, kona hans Asherah, sonen deira Baal-Hadad og dottera Ishtar. Hedensk mytologi har ofte ein slik firerbande med gudar som kontrollerte himmelen, jorda, vatnet og lufta. Den sumeriske var himmelguden An, modergudinna Ninhursag, vannguden Enki og luftgudinna Enlil. I den hedenske kvartetten var det ikkje alltid enkelt å sortera ut rollane og slektskapet, men det ser i alle fall ut til å vera rom for ei kvinne til i den kristne gudefamilien. Er det her Maria Magdalena kjem inn?


* ben Yehoshua blir kraftig imøtegått av andre på internett.
** Ja eg veit at ein ikkje tilber Maria, men at ein ber om forbønn.

Ingen kommentarer: