torsdag 27. januar 2011

I kjølvatnet til Odyssevs

Odysseen er beretningen om den greske sagnhelten Odyssevs som deltok i krigen mot Troja og som hadde kommandoen over dei greske krigarane som lurte seg inn i byen i den trojanske hesten. Verket, som skal vera skrive av Homer, beskriv heimreisa til Odyssevs etter krigen. Turen tok ti år og fortel mange og utrulege eventyr, men til slutt kom han heim igjen til Ithaka der han kom frå. Men spørsmålet er: Har noko av dette rot i verkeligheten? Og i såfall, kor var det Odyssevs reiste? Kom han for eksempel nokon gong så langt som Italia?

La oss like godt innrømma det med ein gong: Odyssevs sin historisitet heng i ein tynn tråd! Når ikkje ein gong eksistensen til den angivelige opphavsmannen Homer er ubestridt, korleis kan ein då tru at ein mann omtalt i eit episk verk som kanskje har sin opprinnelse lenge før det var skrive ned har levd? Men på den andre sida så trudde ein jo lenge at også historien om Trojanerkrigen var rein fiksjon, inntil byen vart gjenoppdaga og ein fann tegn som tyda på brann og ødeleggelsar. No er ein ikkje heilt sikker lenger. Kor som er, det er artig å spekulera, så la oss lata som at Odysseen er basert på ein sann hendelse som seinare er blitt fabulert rundt og overdrive.

Reisa i korte trekk

Etter seieren i Troja reiser Odyssevs og mennene til Ismaros, kikonerane sin by. Her herja han på typisk sjørøvarmaner men kikonerane angreip frå hesteryggen og Odyssevs mista 72 av mennene sine. Dei reiste sørover og runda Malea men så vart dei tatt av stormen som førte dei til øya til lotusetarane (lotofagane). Der sende han mennene ut for å leita etter mat men dei fekk også sansen for lotus som gav ein mild døsighet, og til slutt måtte Odyssevs tvinga dei med seg vidare. Så vart dei tatt til fange av kyklopen Polyfemos, som også tok for seg av mennene. Men dei klarte å blinda han og lura seg ut. Så segla dei til øya til vindguden Aiolos som gav dei vestavind slik at dei kunne komma seg heim, men også ein sekk med alle vindane oppi. Og då mennene til Odyssevs opna sekken så bles dei tilbake til Aiolos. Så kom dei til Telepylos, der dei vart angripne av Laistrogonarane og bare Odyssevs og mennene på hans eige skip overlevde. Så gjekk turen til øya til Kirke som vart forelska i Odyssevs. Og der tilbrakte han et år, før Kirke fortalde han at han måtte reisa til Hades og finna den blinde Tiresias som kunne gi dei råd for den vidare reisa. Etter Hades drog dei tilbake til Kirke, segla vidare, og unngjekk både sirenene og monstera Skylla og Kharybdis, sjølv om seks menn måtte ofrast. Dei kom til Thrinakia, men svolten dreiv dei til å slakta Helios sitt hellige fe, til tross for at Tiresias hadde advart dei nettopp mot dette. Dermed straffa Helios dei med skipsforlis. Bare Odyssevs overlevde og vart skylt i land på Ogygia, øya til nymfen Kalypso, der han heldt til dei neste sju åra. Men etter innblanding frå Zevs sjølv fekk Odyssevs dra vidare med ein liten tømmerflåte, bare for å bli ramma av storm og igjen skylt i land, denne gong på øya Skjeria, øya til Faiakarane. Der vart han tatt godt i mot og følgt heim til Itaka.

Ulike teoriar


Men fins alle disse stadane? Dette kartet er representativt for dei tradisjonelle teoriane som seier at Odyssevs blei sendt langt vest i Middelhavet av uværet, og at dei fleste av eventyra foregjekk mellom Tunisia og Italia, og mykje rundt Sicilia. Fremdeles lever denne tradisjonen mange stader, både i Italia og på øyane. Ein viktig årsak til dominansen til det som vi kan kalla "italia-skulen" er nok geografen og historikaren Strabon som i verket sitt Geografien plasserte mange av stoppestadene i Italia. Men den egentlige årsaken (hvis ikkje Odyssevs verkeleg var der...) er nok at Sicilia og Søritalia fekk så stor innvandring av grekarar at området vart kalla Magna Graekia, og disse folka nok tok med seg sine mytar og omplanta dei til Italia.

I sterk motsetning til "italia-skulen" står engelskmannen Tim Severin. Han er ein forfattar og oppdagelsesreisande som har gjort det til sin livsoppgave å reisa i kjølvatnet til dei mange sjøfarande eventyrarane. Han fekk bygd skipet Argo som var så likt som mulig den krigsgaleien som Odyssevs brukte, og så sette han ut på ei reise i Odyssevs sitt kjølvatn. Resultatet vart boka "Sirenenes sang" og ein ny teori om Odyssevs reiserute som Severin meiner var mykje lenger aust, dvs, i meir nære og kjende havstrøk for Odyssevs. Eg kjem i det følgande til å bruka Severin som referanse, og derfor blir denne framstillingen gjerne litt meir "anti-italiensk" enn eg kunne tenkt meg.

Geografiske indisier:

Her skal vi kun sjå på likheter mellom stader nevnt i Odysseen og stader i geografien.
Troja: I 1870s grov den tyske arkeologen og eventyraren Heinrich Schliemann ut eit område i det nordvestlige Tyrkia, sørvest for Dardanellene som han kalla Troja. Her er det faktisk mange byar som ligg i lag over kvarandre, og det laget som blir kalla (Troja VII) blir ofte identifisert med Homers Troja. Dette er ikkje ubestridt, men ingen har ein betre kandidat, så vi startar her!
Ismaros:
Det er enighet om at denne staden må ha lege i Trakia, og at det sannsynligvis er Maroneia som ligg ved foten av fjellet Ismaros. Det var Maron, som staden er oppkalt etter, som gav Odyssevs den vinen han seinare skulle bruka til å få kyklopen til å sova.
Malea
: Kapp Malea er på sørspissen av Peloponnes. Dette er det siste faste haldepunktet vi har på ruta. Herfrå reiser Odyssevs inn i eventyret og uvissa:
Øya til lotusetarane: Her er det enighet om at det må ha vore i nord-afrika, uten at det seier stort. Dei fleste meiner at det er øya Djerba i Tunisia. I alle fall feirar tunisiarane kvart år Odyssevs sin landing der. Dei meiner at lotusplanten er daddelpalmen som veks over heile øya. Daddelpalmen gir frå seg ei klebrig væske kjent som "lagmi" som skal vera mildt giftig. Tim Severin meiner at det er Kyrenaika i Libya, og at den skumle drikken kom frå jujubtreet som blir kalla for lotustre på mange språk. På fransk heiter det "jujubier des lotophages". Som vi skal sjå seinare bruker han også sine kunnskaper om vær og sjøfart for å leggja dette stoppet så langt aust. Tilsynelatande er dette ein ubetydelig forskjell i teoriane. Men ser vi etter på kartet, så er avstanden ganske stor, og dette har selvfølgelig betydning for kor dei ulike teoriane plasserer Odyssevs på resten av turen.


Kyklopanes øy: Basert på topografiske kjennetegn er fjellet Mt. Posillipo i nærheten av Napoli blitt sett fram. Andre forslag er i nærheten av Etna på Sicilia. Kyklopar blir ofte knytta til vulkanar, og tradisjonen seier at kyklopane som var tenarane til eldguden Hefaistos smidde lynkilar for Zevs. Ei mulig forklaring på dette er at Trakiske smedar skal ha malt ein sirkel i panna som eit solsymbol. Øya til kyklopane skulle vera liten men ha tallause flokkar av villgeiter og Severin seier at det er villgeitene som er nøkkelen. Det skal bare vera Kreta som opprinnelig hadde villgeiter, alle andre villgeiter i middelhavet er husdyr som har blitt ville. Dessuten passar det bra, dersom Odyssevs havna i Libya. Men Kreta er ei stor øy, og Kyklopane skulle bu på ei mindre. Det fins fire små øyar på sørkysten av Kreta som kunne passa, og ei av dei heiter Paximada. (egentlig er det ei klynge med småøyar som også går under navnet "tørrbrødøyane") Her blir det fortalt gamle historier om dei såkalte Triamates - menneskeetande kjemper som fekk navnet av at dei hadde-ikkje ett, men tre auger. Disse historiane liknar på Kyklopsagnet men likevel er det nok av ulikheter, som det tredje auget, til at dei ikkje er kopiar frå Odysseen, men ekte lokal foklore. Eit anna interessant trekk er at Odysseen fortel at "skjønt ingenting blir sådd og åkrane aldri pløgd, gror av seg sjølv både kveite og bygg og rankar som bær bugnande klasar". Kunne det vera restane etter den minoiske sivilisasjonen som her blir beskriven?

Aiolos: Tradisjonen peikar ofte på Stromboli, Vulcano eller ei av dei andre øyane nord for Sicilia. Disse blir kalla dei aioliske øyane. Eg har ikkje sett andre argument for dette enn at det bles mykje rundt disse øyane. Tim Severin sin kandidat er øya Gramvusa (fleire bilder) rett nordvest av Kreta. I følge Homer skulle øya til høvding Ailolos ha "ein mur av det sterkaste kobbar" rundt og at kystane var bratte. I dag kan ein sjå restane av eit festning frå 1579, og altså alt for ung. Om denne er bygd ovenpå ein eldre mur, seier Severin ingenting om. Men Gramvusa har nettopp ein slik bratt kyst som kan likna på ein mur, og Severin meiner at fargen minnar om kobbar, iallfall i det rette lyset. I tillegg har øya ein god havn, noko mange liknande øyer ikkje har. Om dette også er svake indisier så kan kanskje eit etymologisk argument overbevisa: Gramvusa heitte i tidligare tider Korykos (eller Corycos) som betyr skinnsekk.
Telepylos: Her er det mange kandidatar: Strabon seier at det må vera Leontine på Sicilia. Romerske forfattara held på GaetaRiviera di Ulisse. Andre teoriar er Kotorbukta i Montenegro, havnen Bonifacio på Korsika og Porto Pozzo på Sardinia. Homer beskriv denne staden som ein slags hesteskoforma havn med bratte sider og et innløp så smalt at to krigarar som sto på kvar si side kunne stengja det med sine spyd. Havnen var så liten at det akkurat var plass til elleve galeier side om side. Ingen av dei tidligare havnane passar til denne beskrivelsen. Men Severin som saumfar kystrekningen på det sørvestlige Peloponnes like nord for Gramvusa, fann ein stad som heiter Mesapo som passar veldig bra. Men spørsmålet er jo kor mange andre plassar ein vil finna om ein prøver.


Kirkes øy: Her seier italia-skulen enten Circeo på kyststrekningen Riviera di Ulisse sør for Roma, eller øya Ischia utanfor Napoli. Men det er lite utanom tradisjonen som tyder på at dette er riktig. Circeo er i dag ikkje ei øy, men teorien kan bergast ved at sletta mellom fjellet Circeo og fjella innanfor antagelig har vorte fylt ut med sand over lang tid, slik at Circeo muligens var ei øy på Odyssevs si tid. Men avstanden kan likevel ikkje ha vore så stor at ein ikkje kunne ha sett land. (sjå bildet til venstre som er tatt frå fjelltoppen over Terracina) Homer seier jo at ein kunne bare sjå hav i alle retningar. Severin seier at "Mer avgjørende er det at den spisse toppen Circeo er for bratt og kupert til å kunne huse en smul bukt og et hus i en fjelldal slik det beskrives i Odysseen". Men hvis vi antar at Circeo verkeleg var ei øy på den tida, så kan det veldig godt ha vore ei "smul bukt" på landsida av øya, der det no er sletteland. For bare et par kilometer nord for Circeo, er det fleire slike sandbukter. Landsida av Circeo har også ein slags dal, sjølv om det neppe kan kallast fjelldal. Problemet er også at Odyssevs si ferd til Kirke bare er vagt beskrive. Homer angir hverken retning eller avstand. Derfor meiner Severin at ein heller bør rekna seg baklengs frå Hades. Basert på antagelsen om at Hades er i det vestlige Hellas, havnar han då på øya Paxos rett sør for Korfu. Men heller ikkje denne øya er langt nok frå land og Severin sitt forsøk på å underbyggja hypotesen sin med at det veks ei plante som liknar på "moly-planten" som Odyssevs brukte som motgift mot Kirkes trolldom, virkar lite overbevisande.

Hades: Campi Flegrei nær Napoli er eit område med vulkansk aktivitet, og det har vore rekna som inngangen til Hades (men det har også vore rekna som inngangen til Elysium, så her er det fritt fram!) Nøkkelen er kanskje elva Acheron. I antikken var det fleire elver som heitte dette, og alle var knytta til underverda. Men det fins faktisk fremdeles ei Acheron-elv i nordvest Hellas, og den kan skilta med arkeologiske funn som støttar sitt kandidatur. I 1958 fann arkeologen Dakaris restar etter offerhandlingar han meiner er akkurat slik Odyssevs beskriv. Dette er omdiskutert, men skal ha foregått inne i et tempel som Dakaris identifiserte som "Nekymanteion (meir om det)" , og som best kan samanliknast med våre dagars spøkelsestunellar! Her skulle pilegrimen sitja i totalt mørke og forbereda seg. Så ville han bli ført gjennom ein mørk svingete korridor. Han vart tatt gjennom tre bronsedører slik det var i Hades, før han kom inn i krypten der presten ville påkalla dei døde. For å hjelpa på opplevelsane har det muligens blitt brukt røyk og narkotika. I alle fall vart det funne mekaniske innretningar som ein trur at presten brukte for å heisa opp "åndene" frå dødsriket. Hvis det var slik det skjedde må det ha vore litt av ein forestillling!
Skylla og Kharybdis: Dei fleste seier at disse heldt til i Messina-stredet mellom Sicilia og Calabria på tåspissen av Italia. Der er det virvlar i sjøen, kjent som tagli, som kan ha gitt opphavet til sagnet om Kharybdis, sjølv om dei er både små og ufarlige. Det er små flekker som bevegar seg sakte i ring, og som i beste fall kan få ein båt til å snu seg majestetisk rundt. Messina-stredet er dessuten tre kilometer bredt på det smalaste. Den klippen som vert kalla Scylla er heller ikkje særlig overbevisande. Severin, som hadde pløya gjennom alle klassiske skrifter på jakt etter Skylla, slo til slutt opp i "Sailing Directions" og fant Kapp Skilla, midt mellom Akherons munning og Ithaka. På vei dit fann han ein spesiell klippeformasjon som han tolka som fjellklemmen som Kirke hadde advart Odyssevs mot. Denne vesle øya eller holmen som kallast Sesola, er i seg sjølv lite overbevisande, men fekk likevel Severin til å tru at han var på rett vei. På kartet fann han så eit fjell som heitte Lamia. Kapp Skilla ligg like nord for Levkas der øya nesten heng saman med fastlandet. I dag går det ein kunstig skipskanal gjennom eidet, men i gamle dagar var det ein annan kanal som kanskje var naturlig som vart brukt. Rett over inngangen til denne kanalen er fjellet Lamia, og i skråningen fann Severin ei hole som han identifiserar som Skyllas hole. I dag er den gjort om til eit kapell som er via Antonius Eremitten, og han fant eit ikon som forestilte St. Georg som drep dragen. Folkeminnegranskarar meiner at historien om den langhalsa dragen som slåst mot St. Georg kan ha utvikla seg frå ein hedensk legende om ein riddar som drep det langhalsa uhyret Lamia. Så Severin hadde bra suksess med dette. Men når det gjeld Kharybdis er også han på tynn is og må ty til spekulasjonar om at det kan ha danna seg virvelstraumar på den tida då den gamla kanalen var open.
Sirenene: Det blir sagt at staden der sirenene frista Odyssevs med songen sin er øya Capri eller Punta Campanella på spissen av Sorrento-halvøya utanfor Napoli. I henhold til mytologien vart Napoli bygd akkurat der sirenen Parthenope vart skylt i land etter at Odyssevs hadde vraka ho. I Italia blir det og sagt at sirenene vart så "flaue" at dei vart forvandla til stein (bortsett frå frøken Parthenope formodentlig), og kan i dag sjåast som øyane Li Galli utanfor Positano. Etter sigande skal også navnet Sorrento komma frå "Surrentum" og henspeila nettopp på denne myten. Odysseen seier at sirenene gjorde sjølvmord ved å kasta seg i sjøen frå ei høg kvit klippe. Severin meiner at den plassen som passar best er det stormfulle Kapp Dukato i det sørvestre hjørne av Levkas. Her skal forøvrig diktarinna Sappho ha kasta seg utfor et stup som fremdeles blir kalla "Sapphos sprang". Severin underbygg teorien ved å hevda at den "dampen" og disse "veldige brott" som Homer skriv om, skal vera et tre kilometer langt rev som heiter Plaka.
Thrinakia: Sicilia har ein trekanta form, og det er antatt at navnet Thrinakia refererer til det. Men øya er jo så stor at trekantformen bare kan oppfattast på kartet, slik at denne teorien er relativt usannsynlig. Men Severin sitt forslag er ikkje mykje betre. Han antyder at navnet hespeilar på dei tre nesa på Meganesi. Haken ved den teorien er at den øya ligg rett ved Ithaka, og den virkar derfor ganske ad hoc på meg.
Kalypsos øy Ogygia: Det er mange stader som hevdar å vera Kalypsos øy, men tradisjonelt blir det rekna å vera Gozo nær Malta. Øya har ei hole som heiter Kalypsos hole, og sagnet står sterkt i lokalbefolkningen. Men det er ingen spesielle trekk ved øya som passar inn i Homers beskrivelse av Ogygia, og heile beskrivelsen er av mytisk karakter. Strabo meiner at Ogygia må ha vore ute i atlanterhavet og somme meiner derfor at det må ha vore Atlantis. (Ref wikipdia) Mange maltesarar på sin side meiner at både Malta og Gozo er restar av Atlantis. Når det gjeld Severin så kastar han korta og seier at "Kalypsos øy får ikke plass i den virkelige verden".
Skjeria: Dei fleste, til og med Severin (!) reknar øya Korfu som ein god kandidat. Heilt sidan klassisk tid har innbyggjarane her hardnakka hevda at dei nedstamma frå faiakarane. Og Heinrich Schliemann, som fann Troja, hadde ingen problemer med å identifisera detaljane frå Homers beskrivelse, sjølv om han bare var der i 48 timar. Men dette seier vel meir om Schliemann enn om kor godt Korfu passar til beskrivelsen. Men Odyssevs skal ha brukt heile 17 dagar på overfarten frå Ogygia til Skjeria, og må etter beskrivelsane å dømma, ha reist i nordaustlig retning. Dette støttar i så fall teorien om at Ogygia var Gozo.


Ithaka: Eg trudde at Odyssevs endestopp var heilt ubestridt i og med at det er ei øy vest av Peloponnes som heiter Ithaki, og som av "alle" vert rekna som Homers Ithaka. Men så enkelt er det ikkje. Det er mange detaljar i Homers beretning som ikkje stemmer med geografien på Ithaki, og William Dörpfeld, som overtok Troja-utgravingane etter Schliemnann, meinte at Odyssevs sin heimstad var Levkas. I seinare tid hevdar Robert Bittlestone i boka si Odysseus Unbound: The Search for Homer's Ithaca at det er naboøya til Ithaki, Kefallonia, eller nærmare bestemt ein del av Kefallonia. Bildet viser eit satelittfoto av Kefallonia (øverst) og Ithaki, og den delen av øya som ligg øverst på bildet har ein gong vore ei sjølvstendig øy. Seinare har visst landet i mellom heva seg og det har blitt ei øy. Denne halvøya er lav og ligg lenger ut mot vest, og dette stemmer meir med det som Odysseen beskriv. I tillegg skal Bittlestone ha funne mange andre ting som stemmer med Homer sin historie.

Å ta Odysseen på alvor

Til no har vi bare prøvt å finna stader langs middelhavet som kan passa med beskrivelsane i Odysseen uten å ta hensyn til den reisa Odyssevs måtte gjera for å komma dit. Men hvis vi antar at det har funnest ein Odyssevs som har gjort ei reise som utgangspunktet for Homers vidare fantaseringar så må vi ta hensyn til det vi veit om navigering og sjøfart kart korleis vind og vær passar med tider og avstandar, og ikkje minst båtane dei brukte. Spørsmålet er for eksempel, kor langt det er mulig å komma på ni dagar (som Homer skriv) frå Kapp Malea med ein båt som Argo, og kor er det mest sannsynlig at vinden ville føra båtane i Odyssevs sitt følge?

Homer seier at dei ikkje fekk storm, men "bølger og rivande straum." Den var for sterk til å få båtane i ly eller nær nok land til å få ankerfeste men ikkje så sterk at dei måtte prøva å segla frå bølgjene. Sannsynligvis har då flåten til Odyssevs bare latt seg driva kontrollert med vinden. Det fins ein bestemt nordavind som skaper dei forholda som Homer, nemlig Meltemien som kan oppstå plutselig og blåsa i mange dagar i strekk og som skaper opprørt hav. Basert på egne erfaringar med Argo, anslå Tim Severin at galeiane ville driva omtrent 235 nautiske mil på ni dagar. Dette er basert på antagelsen om at dei hadde redusert seglføring for å driva så sakte som mulig i og med at dei var på feil kurs. Dette betyr at dei akkurat kunne nå Kyrenaika i Libya. Italia-skulen på sin side antar at han havna i Djerba, som er minst 450 nautiske mil lenger vest. Resonnementet er basert på antagelsen om at dei segla så fort dei kunne på skrå av vinden. Men Odyssevs hadde ingen grunn til å segla med stor fart bort frå kursen heimover, og ein skrå kurs ville gjera ferda over havet ubehagelig om ikkje farlig. Eit anna poeng er at Djerba er vanskelig å komma til, med grunner som går opptil 18 nautiske mil til havs, mens Kyrenaika både har gode landgangsmuligheter og bekkjer med ferskvatn.
Men hvis dette resonnementet er riktig (og på meg virkar det overbevisande) så fell resten av Italia-skulen sine teoriar også. Hvis Odyssevs på grunn av Meltemien hadde havna i Kyrenaika, så var det ingen grunn for at han skulle havna lenger vest seinare heller. For han var jo på vei heim til Itaka som ligg omtrent rett nord for Kyrenaika. Ei sannsynlig rute heimover ville då vera via Kreta. På den andre sida kan Meltemi-vinden somme tider komma frå nordaust, og i såfall kunne fort flåten havna så lang mot vest som Sirte-bukta i Libya. Og i såfall ligg øya Gozo nesten rett i nord. I tillegg kan det tenkjast at dersom du er komme så langt ut av kurs at du ikkje trur du kan rekka heim igjen uten bunkring, at det ville vore rasjonelt å segla med full seglføring for å nå land.
Den delen av Severins rute som går for seg i nærområdet rundt Ithaka, kallar han den joniske syklus. Her reiser Odyssevs åleine, enten i ein flåte eller ein heimelaga båt, eller også blir han frakta sovande i ein magisk galei. Derfor er denne delen av ruta meir uhåndgripelig sett frå ein sjøfarandes synspunkt. Han meiner derfor at dette er av mytisk karakter og i dette ligg kanskje svahketen i teoriane hans. Men kanskje ikkje - for hvis vi skal væra ærlige er det kanskje umulig å få heile denne historien til å hengja saman geografisk slik vi har prøvt. Betyr det at heile turen er oppspinn? Ikkje etter mi meining. Det kan godt vera at Homer, eller kven det enn var som skriv historien har basert seg på ei faktisk reise som Odyssevs gjorde frå Troja til Ithaka, og at han var innom ein del av dei stadene vi har diskutert. Så har historien blitt utbrodert og ein har lagt til mytar og segn som var i omløp for så å enda opp med det vi kallar Odysseen. Og det å finna disse historiane er jo også å reisa i kjølvatnet på Odyssevs, bare i mytologien og idehistorien.

Men det får bli til ein annan gong ...

Ingen kommentarer: