torsdag 27. januar 2011

Vil Guds rette mor reisa seg?

Slektsgransking er vanskelig, og i gudeverda fins det somme tilfelle som er ekstra kompliserte. Det ligg i sakens natur at det ikkje er enkelt å etablera farskapet ved ein jomfrufødsel. Var gudemannens far Jahve, Apollo, Zeus eller var det andre? Saken blir ikkje betra av at også sonen sin identitet er uklar. Er han Jesus, Dionysos, Osiris, Attis, Adonis, Buddha eller Krishna? Eller var det kanskje Orfeus eller Moses som var gjenfødd? På toppen av det heile, viser det seg at heller ikkje mora er så opplagt som ein kan tru. Det kan ha vore Maria, men det kan også ha vore Isis eller Kybele. Eller var det kanskje Artemis frå Efesos eller Diana frå Nemi? Dette er ikkje enkelt. Vi har å gjera med noko så uvanlig som ei morskapssak!
Det er mange historier om jomfrua med det himmelske barnet, kvinna som vart mor til ein farlaus son som vart frelsar. Dette temaet finn vi igjen frå Libya og Hellas i vest via Armenia og Assyria til Japan og Kina. jomfrua er kjent under mange navn. I Babylon heitte ho Ishtar, på Kreta Ariadne og i Frygia Kybele. Ho vart kalla Astarte i Fønikia og mellom anna Afrodite i Hellas. Likevel er det oppsikstvekkjande at så mange av disse jomfrumødrene i antikken har same navnet. Myrrha var navnet til mødrene til Adonis og Bacchus. Maia eller Maya heitte mødrene til Buddha, Hermes og Agni. Jesus si mor var Maria mens Krishna si mor var Mariama, som rett nok er ein tittel, men likevel. Til slutt har vi Maya Maria som betyr "den store Maria" og er navnet på mora til den siamesiske frelsaren Sommona Cadom.

Isis og den svarte madonna


Dette bildet viser eit tradisjonelt motiv: Madonna med barn. Dei fleste vil seia at det er Maria med Jesusbarnet. Men kan vi vera så sikre på det - ho er jo så mørk? Det fins omtrent 450 til 500 slike svarte madonnaer i Europa, litt avhengig av korleis ein reknar, og bare i Frankrike fins det minst 180. Her er ikkje medrekna slike tilfeller som at materialet har mørkna, for eksempel av sot frå lys. Dette er madonnaer som ein trur har vore svarte frå begynnelsen av. Spørsmålet er då koffor nokon vil framstilla Maria som svart?
Somme meiner at disse svarte madonnaene representerer ei kvinnelig kraft som dei bleike Mariabildene ikkje har. Dette blir ofte knytt til Maria Magdalena. Andre assosierer det til tempelriddarane og katarane eller gnostikarane, altså ulike kristne tradisjonar. Men mange seier at den svarte madonna er ein arv frå førkristne gudinnetradisjonar, der det er mange svarte gudinner, for eksempel Kybele og Diana/Artemis. Og den som kanskje er mest sannsynlig av disse hedenske opphava er Isis. Ho er vanligvis avbilda som ei ung og blyg mor saman med barnet sitt Horus i armane.
Lenge før kristendommen vart Isis kalla himmelens dronning og den reine (jom)fru. Opprinnelig var ho underordna Osiris, men i den helleniserte formen utvikla ho seg til den høgste og universelle gud, den eine og einaste guddom som vart tilbedd over heile (den helleniserte) verda under ulike navn og på ulike måtar. Isis var "gudinna med tallause navn" som tok opp i seg funksjonane til alle dei andre guddommane, både dei egyptiske og dei romersk-hellenske. I hymnene blir ho framheva som kvinnenes gudinne. Det var ho som brakte menn og kvinner saman, etablerte ekteskapskontrakten og bestemte at kvinna skulle føda barn. Ho var den himmelske mor som leid med dei lidande og omfavna heile menneskeheten.

Mater Magna og Paven

Kybele blir omtalt i same vendingar som Isis. Ho blir kalla den store mor, gudanes mor eller Mater Magna på latin. Ho er ei orientalsk gudinne med ein kult som kan sporast tilbake til 6000 f.Kr. På dei eldste bilda er ho framstilt som ei ferm kvinne sitjande på ei steintrone med hendene kvilande på to leopardar. Ho var nasjonalgudinna til Frygarane, men vart seinare adoptert av grekarane som kalla henne Meter Theon, gudanes mor eller Meter Oreie, fjellas mor. Som Isis var Kybele opprinnelig ei gudinne for jorda og fruktbarhet, men har også utvikla seg. Dei homeriske hymnene beskriv ho som mora til alle gudane og heile menneskeheten.

Kybele vart dyrka mange stader rundt middelhavet, som i Alexandria og Efesos. Men det som skulle blir den viktigaste staden var Roma. Ho vart importert til Roma i 204 f.Kr. Det skjedde ved at ho vart regelrett henta til byen, fordi ho skulle vera til hjelp i krigen mot Hannibal. Og det var ho. Og dermed vart ho ein viktig del av det romerske livet. Ho vart betrakta som byens høge beskyttar, og kulten vaks seg stor. Men heilt stuerein vart ho aldri. Ho er kjent for sine fanatiske tilhengjarar som feira gudinna med fest og bråk, og for sine prestar som kastrerte seg sjølv for å likna på Kybele sin kompis Attis.
Likevel er det ein del spor som peikar vidare mot Maria. Det er for eksempel neppe tilfeldig at den kyrkja som vart bygd over eit av Kybeles tempel i Roma heiter Basilica di Santa Maria Maggiore? Denne kyrkja er dedikert til Jomfru Maria og vart bygd etter at jomfrua sjølv ein gong sjølv skal ha vist seg. Det er den største kyrkja i Roma som er via Maria og blir ofte brukt personlig av paven. Men sjølve Peterskyrkja er også bygd over fleire hedenske heilagdomar, mellom dei ein for Kybele. Kva er det egentlig med paven og Kybele?

Behovet for ei gudinne

Kristendommen er ein mannsdominert religion. Det har den nok arva frå jødedommen, men også frå ein annan av sine forgjengarar, nemlig Mithraskulten. Den var i over 200 år kanskje den sterkaste konkurrenten til kristendommen, i alle fall i Roma. Mithras var dyrka over heile romerriket, og nytte offisiell støtte frå høgste hold. Likevel var kulten så godt som forsvunne på slutten av det fjerde århudre. Ein av årsakene var utvilsomt at kristendommen hadde overtatt som statsreligion og at mithraistane vart forfulgt. Det var nok også indre årsaker til mithraismen fall. Mithraskulten var ikkje for folk flest, men bare for ein eksklusiv elite, og denne eliten var utelukkande menn. I tillegg savna Mithras ein kvinnelig partnar. Akkurat som sin forgjengar, ypperstepresten for Mithras, (som vart kalla Pater Patrum), så savna paven (som blir kalla Papa, av Pater Patrum) ein kvinnelig gud. Men kristendommen er ein fleksibel religion. Slik den hadde skaffa seg ein gudeson frå dei førkristne mysteriereligionane, så skaffa den seg seinare ei nestengudinne gjennom Maria. Korleis kom dette i stand?

Kyrkjemøtet i Efesos

Den Mariadoktrinen som har vore mest kontroversiell innan kristendommen er hennar tittel som Theotokos (gresk for "Gude-bærar" eller "Guds mor"). Dette begrepet oppsto i Alexandria i Egypt, rundt det fjerde århundre, og oppnådde snart stor popularitet. Og i året 431 vart det halde eit kyrkjemøte i Efesos der Maria vart erklært for guds mor. Men på dette møtet var spørsmålet like mykje om Jesus var menneske eller gud. Kyrkjemøtet sa jatakk til begge deler og fordømte like godt Nestorius som hadde meint at Logos (ordet som guds symbolske son) bare oppheldt seg i den fysiske kroppen til Jesus, og at Jesus var eit menneske. Dermed var det fritt fram for Maria sin himmelfart, og paven kunne få sin madonna.

Artemis frå Efesos

Det var vel ikkje akkurat tilfeldig heller at dette kyrkjemøtet vart halde i Efesos. Byen Efesos er kanskje det mest kjende av dei asiatiske sentera for dyrking av Diana / Artemis. Her vart det oppført eit tempel til ære for henne som var så stort og praktfullt at Herodot samanlikna det med pyramidane. Artemistempelet i Efesos er den dag i dag rekna som eit av Verdens sju underverk. Her skal det også ha vore ei Artemis-statue som var svart. Artemis var ei jomfru og gudinne for frukbarhet og barnefødslar. Eit av navna hennar var Mora til alle, og ho liknar i det heile mykje på dei andre modergudinnene. Og det er ikkje så rart. Kybele vart jo også dyrka av efesarane, og dei inkorporerte mykje av hennar kult inn i Artemis-dyrkinga. Tempelet i Efesos vart ein møteplass for mange ulike tradisjonar. Legenden om amazonene som skal ha søkt tilflukt her kan kanskje stå som symbol på kor sterkt den kvinnelige guden sto i dette området.
Ved å erklæra Maria for gudemor rydda ikkje bare kyrkjefedrene opp i en teologisk floke, men dei tilpassa seg ein folkelig bevegelse der modergudinna var i sentrum. Og det vart altså gjort i den delen av verda der denne dyrkelsen sto sterkast. Det kyrkja i realiteten gjorde var altså å formelt akseptera modergudinna, representert ved Artemis/Kybele/Isis, som del av den kristne gudefamilien.

Modergudinna i dag

Modergudinna står i dag fremdeles sterkt, kanskje sterkare enn nokon gong. Wicca- og andre nypaganistiske bevegelsar er svært opptatt av ho. Og Maria viser seg stadig vekk og gjer underverk. Då Pave Paul II i 1981 overlevde eit attentat, tilskreiv han dette ei direkte innblanding av Jomfru Maria. Han skal ved fleire anledningar ha kalla Maria for Co-redemptrix (med-frelsar) til manges begeistring. Meir enn seks millionar mennesker skal ha skrive under på ein søknad (det femte Maria-dogmet) der dei blant anna vil at Jomfru Maria skal bli ansett som ein "med-frelsar (co-redeemer) saman med Jesus og [som] samarbeider fullt med han for å frelsa menneskeheten." Nærare ein gudestatus for Maria kan ein vel knapt komma utan å sei det med reine ord. Spørsmålet er om mannemakta i kyrkja er klar for det.

Ingen kommentarer: