torsdag 27. januar 2011

Samsons gåte

Den bibelske forteljinga om Samson er ein merkelig historie. Den handlar i korthet om ein mann som er så sterk at han kan slå i hel ei løve med bare hendene. Hemmeligheten bak denne styrken er det lange håret hans, og så lenge han har det er han eit mektig våpen i israelarane sin kamp mot filistinarane. Men dei har også eit våpen, nemlig den vakre Dalila som Samson forelskar seg i. Ho benyttar straks sjansen til å lura ut av han hemmeligheten bak hans styrke, og deretter blir han blinda. Men seinare får Samson styrken sin tilbake og tar ein fryktelig hevn ved å riva ned tempelet til filistinarane og dra mange tusen av dei med seg i døden.
Problemet er korleis vi skal tolka denne historien.
Samson er ingen helteskikkelse. Han lar seg riva med av sitt sinne. Han er ein voldelig mordar og ein horekunde. Likevel blir han omtalt som ein bibelsk helt. For ein truande blir spørsmålet koffor Gud valgte ein slik mann til å kjempa for sin sak. For oss andre er spørsmålet koffor denne historien egentlig er blitt med i bibelen? Spørsmålet som bibel-lesaren sit igjen med, og som også regissørar har slitt med heilt sidan Saint Säens laga operaen Samson og Dalila er kort og godt: kva er poenget?

Tvilsom helt

Samsonhistorien står i Bibelen i Dommarane kapittel 13 til 16. Der kan vi lesa om møtet med løva:
14:6 "Då kom Herrens Ande (Ånd) over han, og han tok løva og reiv henne sund med berre nevane som det skulle vore eit kje"
Dette er Bibelens måte å fortelja at Samson gjekk fullstendig bananas. Han hadde tydelige problemer med temperamentet sitt, og hadde nok i dag hatt ein diagnose. Seinare ville Samson gifta seg med ei filisterjente, og det vart funne tretti brudesveinar til han. Av ein eller annan grunn fant han då på å stilla dei ei gåte. Han lova at hvis dei kunne løysa den, så skulle han gi dei "tretti fine skjorter og tretti festkledningar". Karane klarte gåta, men bare ved å få den vordande brura til å knegå Samson for å få løysinga. Han gav seg "av di ho plaga han så". Deretter fortalde ho karane løysinga. Samson var rimeligvis snurt for dette taskenspilleriet, men overreagerte vel ein smule:
14:19 "Då kom Herrens Ande over han, og han gjekk ned til Asjkalon og slo i hel tretti mann."
Sidan disse tretti ikkje lenger trengte kleda sine tok Samson dei og gav til bruresveinane. Og kona ville han ikkje ha lenger, så ein av disse sveinane fekk henne med på kjøpet. Seinare angra han seg, og krevde å få kona igjen. Men det ville ikkje faren hennar. Til tross for tilbud om å få søstera, vart Samson igjen snurt og denne gongen brann han likegodt opp kornåkrane til filistarane. Metoden var like bestialsk som kløktig: han fanga tre hundre revar og batt dei saman to og to. Mellom dei batt han så faklar som fekk fyr på kornet. Ikkje å undra seg, så vart Filistarane småhissige av dette og brende opp både brura og far hennar. Men no klikka det for Samson igjen:
15:8 "Og han slo dei så dei stupte i kross og krok, og det vart eit stort mannefall"
Og no har vi det gåande: Filistarane ville stilla Samson til rettes for hans gjerningar og ba judearane om å få han utlevert. Judearane gjorde som dei var bedne om, for det var filistarane som rådde i landet. Samson vart bunden med reip og ført til filistarane. Og som ein kunne venta, så tilta det for Samson:
15:15 "Då kom Herrens Ande over han. Reipa om armane hans vart som brend tråd, og banda datt av hendene hans som om dei var morkna. Så fann han eit friskt kjakebein av eit esel; det greip han og slo i hel tusen mann med det"

Ein kan sei mykje om Samson, men originale metodar brukte han! Etter eit lite intermezzo i eit horehus i Gaza som ende med at Samson rykte opp byportane og bar dei opp på toppen av eit fjell, er vi så klare for hovedhistorien, nemlig eventyret med Dalila. Ho var ei vakker kvinne frå Sorek-dalen som Samson vart glad i. Men filisterfyrstane fekk ho til å prøva å lokka ut av Samson hemmeligheten hans. Ho "tagg og bad dag etter dag" til han vart "så lei seg at han mest ville døy". Då Dalila forsto korleis det hang saman med Samson sin styrke, ropa ho på ein mann som raka av han "dei sju hårflettene". Til slutt stakk filistarane ut augene på han og førte han til Gasa. Der var det stor fest i tempelet med slaktoffer for Dagon "og på taket var det om lag tre tusen menn og kvinner som såg på at dei hadde det moro med Samoson". Men Samson hadde alt begynt å få styrken sin igjen, for håret starta å voksa ut igjen med ein gong det var raka. Og då gjekk det som det måtte gå:
15:29 "Så femnde han om dei to midtstolpane som huset kvilte på og klemde dei innåt seg, ein med høgre og ein med venstre armen, og sa: "Lat meg få døy saman med filistarane!" Så tok han i med all si makt. Då ramla huset i hop over fyrstane og over alt folket som var der. Og dei han drap då han døydde, var fleire enn dei han hadde drepe medan han levde"

Korleis skal dette forståast?

Samson-historien er ofte tolka som at når israelittane ikkje er trufaste mot Gud, så blir dei undertrykt, men når dei vendte seg til han, så blir dei frigjort. Men den er likevel litt av ei gåte. I form liknar den veldig eit eventyr. Den har mange gjentakelsar, den har ei dramatisk oppbygning, og den inneheld magiske tal. Talet sju opptrer mange gonger, og slik det ofte er i eventyr, dukkar også talet tre ofte opp. Men her er det også ofte i kombinasjon med ti: Dei tretti bruresveinane blir til trehundre revane som han bruker til å brenna kornåkrane og til sist dei tre tusen som dør (Dom 16:27). Men der er også mange eksempel på at talet tre for seg sjølv. Bruresveinane prøver i tre dagar å løysa gåta til Samson. Dalila prøvde tre gonger å få svaret ut av Samson, og Guds Ande kjem over Samson tre gonger.

Det blir som regel sagt at historien er sett saman av to syklusar, den første knytta til det mislukka eventyret med filisterjenta, og den andre til forholdet med Dalila. Men i verkeligheten er det tre episodar, for innimellom har han eit kort eskapade med den prostituerte i Gaza. Det er stor samsvar mellom den første og den siste episoden: Samson er forelska, men han har ein hemmelighet som filistarane vil finna ut av. I den første episoden er det ei gåte han har stilt sjølv, i den siste er det livsgåta hans, det at han får styrken sin frå håret. I begge tilfella overtaler filistermennene kvinna til å fiska ut svaret frå Samson sjølv ved å tigga og masa på han. Det er også parallellar mellom den andre episoden og den tredje. Samson tar tak i dei to stolpane til byporten I Gaza og rykkjer dei opp. På slutten tar Samson tak i dei to søylene i tempelet og riv det ned. Den andre episoden som omhandlar Samson sin tur på horehuset er veldig kort. Men det kan jo henda at originalen var lengre. Min teori er derfor at Samson-historien tidligare var delt i tre parallelle syklusar, og at episoden i horehuset har likna meir på dei to andre.

Solguden Samson

Navnet Samson skrivest på hebraisk som Shimson. Det kan oversettast med "[den] som tjener", og det er den vanlige tolkinga. Men det kan også oversettast med den Lille Shamash , altså ein variant av den semittiske solguden Shamash. Dette stemmer med det faktum at Samson skulle ha vore født i ein stad kalla Tsorah som ligg nær Beth-Shamash (som betyr Huset til Shamash), som var eit kultsenter for Shamash.Også navnet Dalila, som vanligvis blir tolka som Bibel-hebraisk for sjarmerande, kan tolkast på ein annan måte hvis ein ser det som det samansette ordet D-lilah. D står for Dalet, som betyr dør, og lilah betyr natt. Altså er D-lilah Døra til natta.

Samson sin historie liknar ein god del på historien om Herakles som er ein slags solgud. Hvis Samson også er ein solgud, så opnar det for ein meir symbolsk tolking av historien hans. For det er kjent at samtidige solgudar frå samme region vart framstilte med stråler ut frå hovudet. Disse solstrålene er altså solgudens styrke, men liknar samtidig på hår. Når sola går ned, går den symbolsk gjennom døra til natta, og mister "håret" sitt og dermed også sin styrke. Sola blir altså blinda av natta. Men neste dag står den opp igjen og får sin styrke tilbake. Også solformørkelsar eller vinteren er tilfeller der det i mytologien blir sagt at sola blir blinda. Augene til Samson er også symbolsk viktige her fordi sola ofte blir representert som eit auga. Som Samson vart også den egyptiske guden Horus blinda, og augene hans blir sagt å representera sola og månen. Og når han blir blinda blir det tolka som sol- og måneformørkelsar. På samme måten kan vi tolka figuren på den amerikanske dollaren som et gammalt symbol for sola. Det blir kalla det altsjåande auge (eller også Eye of Providence) og viser eit auga med stråler ut.

Eg kan ikkje fri meg frå å spekulera på om navnet Dalila kanskje også kan knyttast til Lilit (som er har skrive litt om i posten Nattens dronning 1,2 & 3) I så fall kan det også ha samanheng med rota ILL som skal stå for illuminert dvs opplyst. Vi finn visst det same i navnet til den sumeriske gudinna "EnLIL"--den opplyste" (ifølge LILITH: The Uncensored Version) I såfall er Dalila månegudinna, og solgudens make. Dermed er det nærliggjande å tolka Samsonmyten om Dalila som stikk augene ut på Samson som ein solformørkelse. Dalila (månen) lokkar Samson (sola) til seg og blindar han. Hvis Dalila verkeleg er ei månegudinne, så er det også nærliggjande å tolka dei tre kvinnene som ulike former av henne, dvs at ho er ei trippelgudinne. Gudinnene kjem ofte tre og tre som ulike aspekt av same gudinna. Og spesielt er månegudinna ofte framstilt slik. (eit eksempel er gudinna Diana) dette henspeilar antagelig på dei tre månefasane: veksande måne, fullmåne og minkande måne.

Men Samsonhistorien fortel om ein blinda solgud som tar hevn over månekreftene representert ved Dalila og filisterane. Er dette då å forstå som den gammaltestamentlige (sol)guden Jahve sitt oppgjer med månekreftene og kvinnegudinna? Vi veit at Jahve ikkje var åleine i gamle dagar, og at det i midtausten vart dyrka både manne- og kvinnegudar i tillegg til han. Men etter kvart har Jahve vunne over sin rivalar og framstått som ein monoteistisk gud. Dette kunne ikkje skje uten ved å demonisera alle dei gamle gudane, og i særdeleshet dei kvinnelige. Dette var så grundig utført at det fremdeles er ein enorm redsel for gudinnedyrking i kristne kretsar. Det blir likestilt med satanisme, og Wicca-bevegelsens åpne bekjennelse til gudinnene blir demonisert og kalla vondskap.

Også Islam og Jødedommen har problemer med å akseptera månen. På samme måte som kristendommen fornektar disse religionane sine hedenske røter, sine gudinner og sin tilknytning til månen. Men jødedommen inneheldt tidligare ein kult for modergudinna. Og i Mekka vart det før profeten Muhammed (fred vere med han) dyrka ei gudinne som heitte Al'lat. Fleire kjelder hevdar at dette er den samme som den arabiske modergudinna Alilat, og somme hevdar at Allah opprinnelig var gudinna Al'lat/Alilat. Ei anna form av navnet er Allatu, som rett og slett betyr gudinne. Er det mulig at Allah opprinnelig var ei månegudinne? Symbolet for Islam er jo nettopp ein halvmånen (og ei stjerne). Mens somme seier at dette er av forholdsvis ny dato, så seier andre at det er gamle symbol som går tilbake til tida før Muhammed (fvmh). Men i dag benektar mange muslimar slektskapet med månen og hevdar til og med at bruken av måne og stjerne som symbol på Islam er blasfemisk. (Crescent Moon: Symbol of Islam?) Dei benektar også nokon kvinnelig arv.

For å oppsummera: Forteljinga om Samson og Dalila er altså historien om korleis Jødedommen og Islam, eller det som vi rettare kan kalla ein før-islamistisk religion, skilde lag. Historien har vore brukt for å samla jødane mot fiendane sine. Fiendar som på den tid dyrka månen og månegudinna. Historien fortel gjennom bilder at solguden tre gonger blir freista av månegudinna, og til sist blir blenda av henne, men tar ein fryktelig hevn. Dette betyr at Jahve og jødane tok avstand frå månekreftene og dyrkinga av det kvinnelige. Jødedommen vart ein monoteistisk religion med Jahve som mannlig solgud. Men sjølv om månegudinna heldt stand ei stund og inspirerte Islam, så tapte ho også der. Det triste resultatet er at vi i dag har tre monoteistiske religionar inspirert av den samme guden, nemlig Jahve. Disse religionane, som i bunn og grunn er den samme, er renska for det kvinnelige og forsonande prinsippet og framstår som mannlige og krigerske. Konflikten mellom disse religionane er med andre ord krigsguden Jahve sin krig med seg sjølv! Ein krig han selvfølgelig er nødt til å tapa.
Samson er altså Jahve sjølv som er så uforsonlig at han heller går i døden enn å forandra seg. Og det er kanskje like godt? Spørsmålet er bare kva som reiser seg igjen i ruinane etter Samson ...

Ingen kommentarer: