torsdag 27. januar 2011

Modergudinna og dei svarte steinane.

Denne posten er ein del av ein pågåande jakt etter kor det vart av modergudinna. Eg har tidligare skrive ein del postar omkring same tema, og skal no fortsetja i same sporet:
Vil Guds rette mor vennligst reisa seg?
Maria Nemetona
Nattens Dronning 1, 2 & 3
Samsons gåte

Kybele og andre matroner

Eg har tidligare skrive litt om Kybele, som er modergudinna frå Lilleasia, og korleis ho bokstavelig talt vart henta til Roma i år 204 f.Kr. Men det eg ikkje fortalte var at Kybele var ein stein! Eller i alle fall var den versjonen som Romarane drog til bys det. Denne steinen var antagelig ein meteorstein og sto i følge (noken av) kjeldene opprinnelig på fjellet Ida ikkje langt frå Troja. Men så vart den altså frakta til Italia med båt, og då dei var framme ved havnebyen Ostia gjekk det ikkje likare enn at båten gjekk på grunn, og ingen klarte å få den laus. Då blir det fortalt at Claudia Quinta, ei av Romas matroner med eit (intil då) heller frynsete rykte, vassa ut i vatnet og drog båten av grunna med egne hender. Litt av eit kvinnfolk! For denne dåden vart Claudia rekna som ein guddom og tilbedt i Kybeles tempel på Palatinerhøyden under navnet Navisalvia (Saviour of Ships).

Roma var på denne tida storimportør av gudar frå heile middelhavet. Kvar gong dei beseira eit folk tok dei gudane deira med heim og innlemma dei i sin Pantheon. Og Kybele vart spesielt godt tatt i mot, kanskje fordi romerske legendar knyter byens historie til Troja. Ein legende fortel for eksempel at Roma vart grunnlagt av Odyssevs og Aeneas(0) Det er godt mulig (som det står i THE FOUNDING OF ROME) at disse legendane har sin opprinnelse i at det kom mange egearar til Roma under den Trojanske krig. Ellers er Kybele også gjennom Artemis knytta til gudinna Diana som var ein gammal latinsk gudinne, og det var nettopp latinarane som i følge legendane tok i mot Aeneas og trojanarane. Og det var rimeligvis i Ostia at den godeste Aeneas skal ha landa. Ingen veit kor det vart av Kybele-steinen. Min høgst personlige og spekulative teori er at den no ligg under Peterskyrkja. Posten Så fast eit fjell kan lesast som eit ørlite forsvar av denne teorien.(1)

Andre heilage steinar

Det er jo ikkje så rart at meterorsteinar vart tillagt guddommelige krefter når ein tenkjer på korleis dei kom til jorda. Det er fleire eksempel på at indianane hadde heilage meteorsteinar, og det same skal vera tilfelle med urinnvånarane på Grønland og i Tibet, India, Mongolia og Australia. Også dei britiske øyer har sin del av steinar som skal ha falle frå stjernene. I Heliopolis var den kjende Benben-steinen. Den var konisk av form, og kanskje ein meteor. Det blir sagt at den var modellen for både obelisken og for toppsteinen i pyramidane. I det austlige middelhavet vart slike steinar kalla for Baetyl. Her er ymse andre skrivemåtar ute og går, feks. bethyl, Beth-El, Baitylos, Baetylus, betylos og baitylia. Ordet Betel har også samangeng med steinar. Det betyr guds hus og kan visa både til staden og til guden sjølv. I bibelen (1. Mosebok, kap. 28) vert det fortalt om korleis Jacob ein gong la seg til å sova med ein stein til pute. I ein draum såg han då ein stige som nådde opp til himmelen. Og vers 18 fortel: "Morgonen etter stod Jacob tidleg opp. Han tok den steinen han hadde hatt under hovudet, reiste han opp til ein minnestein og slo olje på han. Han kalla staden Betel".(2)

Men dei steinane som er mest interessante for oss i denne samanheng er assosiert med gudinner. Det gjeld både Afrodite i Paphos på Kypros, Astarte i Byblos og Artemis/Diana frå Efesus. Sistnevnte skal ha hatt ein skulptur som etter sigande var hoggen frå ein svart meteoritt. Steinen til Afrodite eksisterer fremdeles og fins på eit museum, men det er ikkje ein meteorstein. Det er også ein annan svart stein på Kypros som er del av den tredje viktigaste islamske helligdommen etter Mekka og Medina, nemlig Hala Sultan Tekke. Denne heilagdommen er dedikert til profeten Muhammed (fred vere med han) si tante og forstermor. Ein annan stad som det blir fortalt at fantes ein stein var i Petra som vi skal høyra meir til nedanfor.

Kaaba og den svarte steinen i Mekka

Men den mest kjende svarte steinen i dag er nok den i Mekka. Inne i den store moskeen står det ein stor firkanta kasse laga av granitt og dekka av et svart silketeppe med gullbroderi. Den blir kalla Kaaba (eller Ka'ba / Ka'bah). Det er mange referanser til opprinnelsen for ordet, men uansett skal det bety kube. Utanom islamsk tradisjon er det lite som er kjent frå historien til Kaaba. Men ein antar at den var har vore eit pilgrimsmål før Islam.

I det austlige hjørnet av Kaaba finn vi Rukn-al-Aswad, som er ein svart stein. Denne hjørnesteinen er antatt å vera deler av ein meteoritt og er ein heilag relikvie. Den er ikkje stor, men kan lett gjenkjennast av sølvkragen. Somme muslimer meiner at den svarte steinen fall frå himmelen på Adam og Eva si tid, og at den kan rensa dei for synder ved å ta alle syndene til seg, og dei meiner at det er grunnen til den svarte fargen.

Som eg skreiv i bloggposten Samsons gåte, så hadde den før-islamske religionen ei gudinne som heitte Al'lat, og som eg der spekulerte på om kunne vera den same som Dalila. Fleire kjelder hevdar nemlig at dette er den samme som den arabiske modergudinna Alilat. Somme meiner Allah sjølv opprinnelig var denne gudinna Al'lat/Alilat(3), men langt fleire ser ut til å meina at ho representerer Allah sine tre døtre. Ho er nemlig ei trippelgudinne. Dei tre navna hennar er Al'Uzza, Al'Menat og Q're(4). Før Muhammed var religionen i området polyteistisk. Den hadde mange gudar, både mannlige og kvinnelige, og inne i Kaaba skal det ha vore heile 360 avgudsbilder. Muhammed prøvde å få folket i Mekka til å ta til seg Islam og avsverga alle andre gudar enn Allah. Dei var lite villige, men så las Muhammed det som blir kalla dei Sataniske vers, der han faktisk godkjende tilbedelsen av Allahs døtre, og no vart Muhammed mottatt av Mekka-folket. Den muslimske forklaringa på dette er at det var Satan som putta disse orda i munnen på Muhammed. Seinare forandra Muhammed på budskapet sitt, eller muligens gjorde andre det for han. I alle fall er dei sataniske versa no ute av i Koranen.

For meg er dette bare endå eit eksempel på korleis manneguden etter kvart kasta ut den kvinnelige. Og eg syns også denne historia minnar litt om Samson sin. (sjå Samsons gåte). Men tilbake til Mekk: Det var gudinna Al'Uzza som var spesielt tilbedt i Kaaba, og i før-Islamsk tid var det skikken at sju prestinner skulle sirkla rundt Kaaba nakne. I dag er tawaf, den sjufoldige sirkling rundt Kaaba mot klokka, ein rest av denne praksisen.

Fjellet som føder ein gud.

Hvis det er slik at gudinnebiletene ofte var hoggen av ein svart meteorstein, så kan dette kanskje forklara opprinnelsen for den svarte Madonna som eg har skrive om før. Det blir også fortalt at eit av bilda inne i Kaaba var av Maria og barnet. Muhammed gav ordre til at alle bildene skulle ødeleggjast, men då han kom over Maria dekka han bildet med kappa si. Dette er jo heilt i overensstemmelse med den islamske tradisjonen som jo seier at Allah er den same som den jødisk-kristne Jahve, og held Jesus som ein av profetane. Men likevel: kan det ha vore Al'Uzza? Skribenten Ibn al-Kalbi reknar faktisk Muhammed som ein tilhengjar av Al'Uzza. Det blir også spekulert på om navnet hans kan ha vore Abd' al-Uzza (Abdul Uzza) slik som onkelen hans heitte. Og hvis det verkeleg var Al'Uzza som Muhammed her forvarte så stemmer det også betre med historien om dei sataniske versa. Dessuten er det som blir kalt den svarte madonna mange stader egentlig den egyptiske Isis, og Al'Uzza blir av og til assosiert med Isis.

Det er også fleire forbindelsar til modergudinna Kybele. For det frygiske navnet hennar var Matar Kubileia, som skal komma av Kubaba som rett og slett kan bety kube. Eit av symbola hennar i det hetittiske alfabetet er ein kube. Men ordet kan også bety beholdar eller hole, som eit bilde på gudinna som mor. Dette bildet finn vi eksplisitt i Kaaba. Som fotografiet over viser, minner sølvkragen omkring den svarte steinen i Mekka på ein vulva. Og Prestane som beskytter heilagdomen er fremdeles kjent som Beni Shaybah eller 'Sønene til den gamle kvinna'. Ved sida av Kybele var Mithras ein populær gud i Roma. I følge kjeldene var Mithras fødd av eit fjell (Petra Genetrix). Somme tider er han rett nok fødd av ei hole i fjellet, men symbolikken er jo den same. Eg har skrive før om samanhengen mellom mithraismen og kristendommen. Her vil eg bare føya til at det er dei som meiner at når Jesus dør og står opp gjen frå ein hole, så er dette ein ide som er overtatt frå mithraismen.

Det kan sjå ut til at Al'Uzza er den før-islamske modergudinna og vart symbolisert ved eit fjell, ei fjellhole eller ein stein. Ho vart i alle fall tilbedd over heile Arabiske verda. Dette stein-temaet fører oss naturlig vidare til byen Petra, ein by som betyr fjell (det same som Peter kjem av) og som er uthola frå fjellet. Denne byen, som var hovedstaden til den nomadiske handelsstammen nabatearane og låg midt i handelsruta mellom det fjerne øst og markeda i vest, er i dag er Jordans mest besøkte turistattraksjon. I denne byen var Al'Uzza hovedgudinna. Kanskje er det slik som mange kristelige webstader vil ha det til, at Al'Uzza opprinnelig kom frå Babylon. For antimuslimske kristne er dette nemlig eit av kronargumenta for at Islams gud ikkje er den same som den kristne guden, men ein "avgud", som om ikkje den kristne guden Jahve skulle ha forbindelsar med Babylon!

For meg er dette tvertom eit teikn på at Al'Uzza og Islam har urgamle tradisjonar, på same måten som kristendommen og jødedommen har det. Manneguden Allah-Jahve ville vera sjef og styra åleine. Så han kasta damene ut. Historien til modergudinnene viser at disse religionane er i slekt, for jødedommen har også sine gudinner som er blitt kasta ut av himmelen, og dei svarte steinane viser også her vei. Vi er altså fremdeles på sporet etter Guds mor, om enn på ein ganske kroglete vei. Men den historien skal eg ta seinare ...

Ingen kommentarer: